Hopp til innhold

Mann sendt til Haukeland etter slagsmål

Ein mann i 50-åra er sendt til Haukeland sjukehus i ambulanse etter eit slagsmål i Bergen sentrum.

Det er ukjent kva slags skadar mannen har.

– Det er observert ein skarp gjenstand, seier operasjonsleiar Stine Mjelde.

Fleire politipatruljar rykka klokka 05.02 ut til området rundt Øvre Korskirkeallmenningen og Lille Øvregate i sentrum etter fleire meldingar om slagsmål.

To menn i 20-åra er pågrepen og sikta i hendinga.

Ifølge politiet har dei ingen informasjon som tilseier at dei to kjente 50-åringen.

– Politiet har gjort fleire beslag av ulike gjenstandar, men me ynskjer ikkje å kommentara kva før me er ferdige med vitneavhøyr, seier Mjelde.

Det var bebuarar i området som ringde inn og melde frå om slagsmålet, seier Mjelde.