Mann redda ned i redningsaksjon

Ein mann i 60-åra blei etter nokre timar henta ned frå Fusafjellet, der han torsdag hadde gått seg vill. Lokalkjente frivillige lokaliserte mannen i tett og glatt terreng, vel 30 høgdemeter over stien. – Han hadde vore ute i ganske mange timar og var ganske kald, og trong hjelp for å koma seg ned, seier innsatsleiar Stine Mjelde til NRK klokka 18.30. Mannen får tilsyn av ambulanse på staden.