Sjåfør pågripen og sikta etter dødsulykka i Alver – seier han ikkje merka noko

Ein mann tidleg i 60-åra vart påkøyrd og mista livet natt til laurdag. Sjåføren som er sikta seier via sin advokat at han ikkje har registrert at trekkvogna var involvert i ei ulukke.

Dødsulykke i Alver

ULYKKESSTAD: Mannen vart funnen i vegkanten langs fylkesveg 57 i Alver kommune. Politiet jobbar no med undersøkingar på staden.

Foto: Rune Johansen / Bergensavisen

– Mannen er pågripen og frakta til Bergen, kor han no sitt i avhøyr. Han er sikta for aktlaus køyring og for å ha forlate ein åstad etter å ha køyrd på ein person, seier lensmann i Nordhordland, Kjell Idar Vangberg.

Erklært død på staden

Det var klokka 02.32 natt til laurdag at politiet fekk melding frå ein bilist som hadde funne ein skadd person langs fv. 57 i Lindås i Alver kommune.

– Naudetatane rykte ut, og ein mann tidleg i 60-åra vart erklært død på staden, fortalde operasjonsleiar Terje Magnussen til NRK laurdag morgon.

Lensmann Kjell Idar Vangberg

ETTERLYSER VITNE: Lensmann Kjell Idar Vangberg vil ha kontakt med bilistar køyrde mellom Lindås og Mongstad i totida natt til laurdag.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Den omkomne mannen var truleg fotgjengar og vart funnen like nord for avkøyringa til Lindås senter.

Like før klokka 08.30 opplysa politiet om at ein mann var pågripen.

Mannen er sikta for aktlaus køyring, og brot på lova om hjelpeplikt etter å ha forlate åstaden.

Seier han ikkje merka noko

Mannen sin forsvarar, advokat Jørgen Riple, seier sjåføren har det tungt. Samstundes har sjåføren sagt at han ikkje har registrert at trekkvogna har vore involvert i nokon ulukke.

– Trekkvogna veg 40 tonn, politiet meiner det er funn på vogna som støttar deira hypotese, seier Riple.

Sjåføren har ikkje vore påverka av verken alkohol eller andre rusmiddel, og har alle papir i orden, seier advokaten.

– Hadde han registrert noko hadde han sjølvsagt stoppa bilen for å hjelpe, seier Riple.

Riple seier det er ein tung beskjed å få for sjåføren, når politiet meiner ein har vore involvert i ei dødsulukke.

– Det går sterkt inn på han, og han håpar det viser seg å ikkje vere tilfelle, seier forsvararen.

Førar pågripen

Det var ingen køyretøy på staden då politiet kom fram til staden i natt. Men politiet slo kjapt fast at mannen i 60-åra var påkøyrd.

– Då jobba vi straks vidare med å finne ut kva som hadde skjedd, og vi fant raskt bilen vi meiner var involvert i ulykka. Den fann vi litt lenger nord i Alver kommune, seier Vangberg.

Sjåføren viste seg å vere eigar av bilen, som skal vere eit tyngre køyretøy.

Politiet har teke beslag i bilen, som no er frakta inn til tekniske undersøkingar.

Dødsulykke Lindås
Foto: Tipsbilde

Etterlyser vitne

Politiet ønskjer no å komme i kontakt med vitne i saka.

– Vi er interesserte i å snakka med folk som køyrde frå Lindås mot Mongstad mellom klokka to og halv tre i natt. Vi håpar å få klarlagd om nokon kan ha sett mannen gå langs vegen, seier lensmann Vangberg.

Hittil har det ikkje meldt seg nokon vitne til ulykka.

Vegen opna

Arbeidet haldt fram på åstaden til godt ut på føremiddagen laurdag, kor både krimteknikarar og ulykkesgruppa var i aksjon.

Vegen blei opna for vanleg trafikk litt før klokka 11.30.