Hopp til innhold

Mann omkom i bustadbrann i Olden

Ein mann i 70-åra er stadfesta omkomen etter bustadbrannen i Olden i Stryn kommune i natt.

Eit bustadhus i Olden brann ned ned natt til torsdag. Ein mann omkom

OMKOM: Det var to personar i huset som brann ned natt til torsdag.

Foto: Politiet

Ei kvinne og ein mann var i huset då det tok til å brenne i natt.

Ein mann i 70-åra omkom i brannen, melder politiet i ei pressemelding.

Dei nærmaste pårørande er varsla.

To personar i huset

Det brann kraftig i begge etasjane i bustadhuset då naudetatane kom til plassen.

To personar som er registrerte på adressa, ei kvinne og ein mann, kom seg ut.

Den eine av dei var alvorleg skadd.

Vedkommande fekk livreddande førstehjelp og blei frakta til sjukehus i luftambulanse, opplyste operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Den andre bebuaren blei også frakta til sjukehus, tilsynelatande uskadd.

– Kvinna er under behandling på sjukehus, seier Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt torsdag formiddag.

Politibetjent Jan Tore Sunde og politibetjent Lise Brendefur.

Jan Tore Sunde og Lise Brendefur frå politiet er på staden. Dei har avhøyrt ein nabo som var vitne til brannen i natt og vil også gjere fleire avhøyr i saka.

Foto: Bård Siem / NRK

Brannmannskap driv med ettersløkking og politiet er på staden.

– Dei prøver å etterforske, og så får vi sjå om vi greier det i løpet av dagen. Det kjem an på kor store skader det er og om det er forsvarleg å undersøke vidare, seier operasjonsleiaren.

Jan Tore Sunde, politioverbetjent i Stryn, er på branntomta.

Han seier dei må vente ein dag eller to før krimteknikarar kan ta seg inn i huset og starte åstadundersøking.

– Det er veldig tidleg enno, seier Sunde, som ikkje kan seie noko om brannårsaka.

Dei vil gjere vitneavhøyr av røykdykkarar som var inne i huset og eventuelt andre som sit med opplysningar.

Bebuarane melde sjølve ifrå om brannen i natt.

– Frykteleg trist

– Dette var forferdeleg trasig og veldig trist, seier Per Kjøllesdal, ordførar i Stryn.

Han seier dei vil følge opp kvinna. Dersom det blir behov stiller dei også med det kommunale kriseteamet, fortel Kjøllesdal.

Den første meldinga om brannen kom klokka 02.03. Då brann det i kjellaren og det var opne flammar.

Mann omkom i bustadbrann i Olden.

Politiet veit ikkje kva som er årsaka til brannen i Olden i natt. Krimteknikarar vil i løpet av dei neste dagane ta seg inn i huset og starte undersøkingar.

Foto: Bård Siem / NRK

Klokka 3 melde politiet at dei begynte å få kontroll på brannen. I første etasje hadde dei då kontroll på flammane, men det brann framleis litt i andreetasjen.

Kort tid etter melde 110-sentralen at brannen var under kontroll.

Klokka 04.45 melde politiet at brannen er sløkt, og at brannfolka jobbar vidare med ettersløkking.

Lokalt politi i Stryn etterforskar brannen, melder politiet i ei pressemelding. Ifølgje politiet får dei først over helga starte undersøkingane i branntomta.

BRANN: Det brann i ein bustad i Olden i Stryn natt til torsdag.