Fall utfor stup og omkom - snubla på laus stein

Ein mann i 60-åra omkom då han fall utfor ei fjellside ved Mjølkedalsbreen i Luster.

Laster kart, vennligst vent...

FALLULYKKE: Mjølkedalsbreen er ein isbre i Jotunheimen på grensa mellom Luster og Vang.

– På tur opp til ein fjelltopp var mannen uheldig og gjekk på ein laus stein, slik at han miste fotfestet, fortel tenestestadleiar ved Årdal lensmannskontor, Magne Knudsen, til NRK måndag morgon.

Mannen var på tur med dottera si på Mjølkedalsbreen då ulukka skjedde.

– I området der har han falle utfor ei fjellside som er 100 meter høg, seier operasjonsleiar Per Algerøy ved Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulykka i 17-tida søndag ettermiddag, og luftambulanse blei sendt til staden.

– Dottera blei flogen tilbake, medan den omkomne vil bli henta ut i morgon. Vi klarte det ikkje i kveld på grunn av mørket.

Mannen var busett i Oslo, og dei pårørande er varsla.