Hopp til innhold

Mann omkom etter båtulukke

Ein 52 år gammal mann frå Kvam døydde av skadane etter at ein fritidsbåt gjekk på grunn ved øya Sild i Kvinnherad i natt.

Ein fritidsbåt gjekk på grunn ved øya Vesla-Sild på austsida av Varaldsøy i Kvinnherad natt til sundag.

Ein 52 år gammal mann døydde sundag morgon på Haukeland universitetssjukehus, som følgje av skadane.

Alle naudetatane blei sende til området då meldinga om ulukka kom klokka 02.23.

Kvinna som varsla om ulykka låg ifølgje politiet i sjøen og klamra seg til land. Mannen var medvitslaus da dei blei funne.

– Begge er heimehøyrande i Kvam herad. Kvinna som var med, og som varsla om ulukka, er kona til den omkomne mannen, seier lensmann i Kvinnherad, Sigurd Børve.

Kvinna er i slutten av 40-åra og får behandling på Haukeland sjukehus.

Frakta vekk i luftambulanse

– Naudetatane haldt kontakt med kvinna fram til luftambulanse og redningshelikopteret kom til staden, seier Børve.

Det var Hovudredningssentralen Sør-Noreg (HRS Sør-Noreg) som koordinerte redningsaksjonen.

Mannen og kvinna blei plukka opp av sjøen klokka 03.07, og mannen vart med ein gong frakta til Haukeland universitetssjukehus i luftambulanse.

Seinare vart også kvinna floge til sjukehuset for behandling.

Har starta etterforsking

Den 18 fot store båten vart funnen i området. Båten hadde skader i baugen og på sidene, og politiet har starta etterforsking for å finne ut kvifor ulykka skjedde.

– Vi har avhøyrt fleire vitne, men har ikkje snakka med dei mest sentrale, seier Børve.

Kvinna som melde om ulukka vil og bli avhøyrd så fort det let seg gjera. Ho ligg framleis på Haukeland sjukehus, men tilstanden er uviss.

– Båten er sikra, og politiet vil gjera fleire undersøkingar på åstaden på måndag.