Hopp til innhold

Mann mista livet etter hopp frå Skåla

Det var 26 år gamle Kim Ofte Gonsholt frå Siljan i Vestfold og Telemark fylke som laurdag kveld omkom i ulykka i Loen i Stryn.

Skålatårnet

SKÅLA: Skålatårnet ligg på fjellet Skåla (1843 mo.h). Dette biletet er teke søndag morgon.

Foto: Svein Ove Hansli

Dei pårørande har samtykka til at politiet offentleggjer namnet.

Politiet fekk melding om ulykka like etter klokka 20.30.

– Det var turgåarar nedanfor fjellet Skåla som oppdaga mannen, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Han var i følgje med to andre.

– Det blei brukt vingedrakt. Det var eit følgje på tre personar som hoppa om lag 200 meter aust for Skålatårnet då dei mangla ein i følgjet, seier politioverbetjent Synnøve Domben.

Veit ikkje årsaka

Den sakna blei funnen om lag tre kilometer frå Skåla. Turgåarane som fann han, sette i gang livreddande førstehjelp.

– Naudetatar og luftambulanse blei sende til staden, men livet stod ikkje til å redde, seier ho.

Domben seier politiet har snakka med dei to andre i følgjet. Årsaka til ulykka er førebels ukjend, og saka blir etterforska av politiet.

Varaordføraren: – Veldig trist

Varaordførar Torstein Tvinnereim seier kriseteamet i Stryn kommune har teke seg av dei to andre i følgjet og dei som fann mannen.

– Det er alltid veldig trist når det skjer slike ulukker. Eg tenkjer på familien og dei som er i nær tilknyting til mannen.

Stryn er eit populært område for fleire typar luftsport.

– Loen er mykje brukt og vi har veldig mange kvar dag som brukar området både frå Hoven, Skåla og andre fjell. Det medfører jo ein viss risiko, sjølv om dei har blitt flinke å ta det på alvor. Men dessverre går det av og til gale.

No skal kommunen følge med på politiet si etterforsking av ulykka.

– Vi vil høyre om det er noko meir kommunen skal følgje opp.

Politioverbetjent Kurt Hammerø seier til avisa Fjordingen at det var fleire vitne til hendinga. Politiet jobbar med å hente inn forklaringa, og Hammerø seier dei framleis ønskjer å komme i kontakt med fleire.

Frå Skålatårnet

BASEHOPP: Dei tre hopparane flaug nedover denne dalen.

Foto: Svein Ove Hansli

ULYKKE: Ulukka skjedde i Loen i Stryn kommune.