Hopp til innhold

Mann med tjuvegods sett i arresten

Tidleg onsdag morgon møtte politiet ein mann i 30-åra på Laksevåg. Mannen var ein kjenning av politiet og hadde med seg gjenstandar som politiet meiner kunne vera tjuvegods.

– Han hadde mellom anna gjenstandar som såg ut som dei var tekne frå ein butikk, seier operasjonsleiar Tom Johannessen i Vest politidistrikt.

Mannen blei teken med til arresten. Politiet veit førebels ikkje kvar tjuvegodset kjem frå, men gjer undersøkingar for å finna ut av det.