Hopp til innhold

Mann lettare skadd i traktorulukke

Ein mann i 70-åra er lettare skadd etter ei traktorulukke på Sande i Gaular.

Ulukke i Gaular

- Då vi kom til staden viste det seg at ein mann i 70-åra på ein eller anna måte har fått taktoren over seg. Det var ingen vitner til ulukka, seier Kai Henning Myklebust ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding klokka 14.45. Mannen vart frakta til Førde sentralsjukehus med ambulanse.

Det blei først meld at mannen var alvorleg skadd. Helse Førde har no justert dette ned til lettare skadd.

– Det er for tidleg å seie noko om kva som skjedde. No skal vi gjere åstadgransking, seier Myklebust.