Hopp til innhold

Mann køyrde til si eiga oppkøyring – blei stoppa i trafikkontroll

Mannen i 20-åra var på veg for å ta lappen då han blei stoppa i ein tilfeldig trafikkontroll i Sogn.

Bilete frå Leikanger

BOM STOPP: I denne bygda blei mannen i 20-åra stoppa i ein tilfeldig trafikkontroll.

Foto: Privat

– Dette er ei ganske så spesiell hending, humrar Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Fredag stansa politiet mannen i ein tilfeldig kontroll langs vegen i Leikanger i Sogndal.

På spørsmål om politiet kunne få sjå førarkortet til sjåføren, fekk dei seg ei overrasking.

Mannen hadde ikkje førarkort, men fortalde at han var på veg til oppkøyringa si i Førde for å få det.

Det er nesten 13 mil mellom Førde i Sunnfjord og Leikanger i Sogn.

– Som regel bruker ein å ordne seg skyss frå nokon andre, slik at ein har førarkortet når ein først set seg bak rattet, seier Dahl-Michelsen.

Men mannen var ikkje åleine i bilen. Han hadde også ein medpassasjer.

– Denne personen oppfylte ikkje krava for å vere følgjeperson, og baksida av bilen var ikkje markert med noko raud L.

Politiet godtok dermed ikkje forsøket på ei bortforklaring.

– Ekstremt uvanleg

Den noko spesielle hendinga får fleire køyrelærarar til å trekke på smilebanda. Ein av dei er Per Lysholt ved Pers Trafikkskule i Førde.

– Det er ekstremt uvanleg at slikt skjer.

Lysholt har fleire tiår med fartstid i bransjen.

– Sett vekk ifrå ei lita hending for om lag 20 år sida, har eg aldri høyrt om noko liknande, fortel han.

Trafikklærar Per Lysholt

OVERRASKA: Per Lysholt ved Pers Trafikkskule i Førde har ikkje opplevt liknande på over 20 år.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

Politiet opprettar sak

Politiet har avhøyrt vedkommande, og har oppretta sak. Operasjonsleiar Dahl-Michelsen er ganske sikker på kva utfallet vil bli.

– Som regel blir det utsetting når ein køyrer utan førarkort. Det blir ikkje noko førarkort på karen i dag iallfall, seier han.

På spørsmål om kva som kan vere årsaka til at mannen tok bilen fatt, har Dahl-Michelsen ein klar teori.

– Det er jo langt mellom Sogndal og Førde, så han tenkte nok det var greitt å kunne køyre bil tilbake att etterpå også.