Hopp til innhold

Mann i Åsane gjekk laus på buss

Politiet har fått fleire meldingar om ein mann i området Åsane terminal, som verka sint og skremmande, sparka i søppelspann og utførte skadeverk på ein buss. Ein vindaugsviskar på bussen er knekt og det er skade på ein spegel. Politiet har køyrt rundt i området, men har ikkje funne vedkomande.