Hopp til innhold

Mann i 90-åra huslaus etter brann

Ein mann i 90-åra er huslaus etter brannen på Sletta på Radøy i kveld, melder politiet. Mannen skal ikkje vere skadd og blir teken hand om av helsepersonell. – Det har vore veldig varmt og det er store skadar på bustaden, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl Mikkelsen i politiet. Det er uvisst når mannen kan flytta heim. Svikt i ein varmtvasstank kan vere årsaka til brannen.

Brann i kjellar på Sletta på Radøy.
Foto: Nordhordland brann- og redning