Hopp til innhold

Mann i 60-åra funnen død ved stillas i Bergen – mistenkjer fall på ti meter

Ein forbipasserande oppdaga mannen på bakken i Bergen. Han døydde truleg etter å ha falle frå eit stillas.

Bårebil og politibil

OMKOM: Arbeidaren i 60-åra omkom truleg etter å ha falle ned frå eit stillas i Bergen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

I ein tidlegare versjon av denne saka var det bilete av eit bygg med stillas. Det var ikkje det riktige stillaset. NRK beklagar feilen.

Klokka 16.23 fekk politiet melding om at ein arbeidar låg på bakken ved eit stillas i Sandviken i Bergen.

Meldinga kom frå ein tilfeldig forbipasserande. Det skal ikkje ha vore vitne til hendinga.

Stillaset skal vera om lag ti meter høgt.

– Me mistenkjer at han har falle ned dei ti metrane, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Per Algrøy.

Mannen i 60-åra blei erklært død på staden av ein luftambulanselege klokka 16.36.

Dei pårørande til mannen er varsla. Han skal ha vore busett i Bergen.

Politiet gjer no undersøkingar på staden og har varsla Arbeidstilsynet.

SANDVIKEN: Arbeidsulukka hende i Sandviken i Bergen.