Hopp til innhold

Mann i 40-årene sikta etter ulukka i Naustdal – skal ha køyrd alkoholpåverka

Tre personar er involvert i ein frontkollisjon på riksveg 5 i Naustdal. Ein person var medvitslaus etter frontkollisjon.

Trafikkulukke i Naustdal

ALVORLEG TRAFIKKULUKKE: Det har vore ei alvorleg trafikkulukke i Naustdal

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ein mann i 40-årene er sikta etter ulukka. Ifølgje politiet har han køyrt i alkoholpåverka tilstand og utan førarkort.

Politiet opplyser at alle tre som var involvert i ulukka treng helsehjelp, og at ein person som har vore medvitslaus fekk hjelp av ambulansepersonell og lege på staden.

Skadeomfanget er ukjent.

Totalskadde bilar

Riksveg 5 gjennom Naustdal var stengd, men er no open for fri ferdsel.

Det var to bilar involvert i ulukka. Dei trefte kvarandre front- mot-front.

Det er 60-sone på staden.

– Bilane er totalskadde, seier politibetjent Tone Stien på staden.

Laster Twitter-innhold

Rett ved bensinstasjon

Ulukka har skjedd kring 100 meter frå bensinstasjonen i Naustdal i Sunnfjord.

Det i 18-tida at politiet fekk melding om ulukka, og både politiet og brannvesenet drog til staden.

– Vi er i gang med avhøyr for å kartleggje kva som har skjedd i forkant av ulukka, sa Tatiana Knappen ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt i Bergen. .

Parkeringsplass i Naustdal ved sidan av trafikulukka
Foto: NRK-tipsar