Mannen i 20-åra blei arrestert av politiet onsdag 13. mai, sikta for brot på straffelova § 311.
Paragrafen dreier seg om framstilling av seksuelle overgrep mot barn eller framstilling som seksualiserer barn.
Vedkomande er busett i ein av Bergens omeignskommunar.
I Bergen tingrett blei han fredag varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøkskontroll.
Retten la særleg vekt på at politiet har avdekt at mannen sitt mobil- eller datautstyr er brukt i seksualisert chatting med barn på bildetenesta Snapchat.
Saka er i ein tidleg etterforskingsfase. Politiet utelukkar ikkje at mannen kan ha anna utstyr som kan innehalda ytterlegare overgrepsmateriale.
– Openbart større omfang
Mannen arbeider med barn i kommunen der han bur i. Han har i tillegg verv som viser at han også på fritida er involvert med barn og unge.
Politiet ønskjer ifølge rettsavgjerda å undersøka arbeidssituasjonen hans nærare opp mot saka.
Politiet jobbar òg med å identifisera fleire fornærma i saka.
I tingretten argumenterte politiadvokat Janne R. Heltne for varetektsfengsling for å unngå at den sikta skal få påverka deira forklaringar eller gjennomføra fleire lovbrot.
Til no er berre to barn identifiserte.
– Men saka har openbert eit større omfang enn det, heiter det i rettsavgjerda frå Bergen tingrett.
Det har fredag kveld ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Heltne.
– Ingen kommentar
Mannens forsvarar Eirik Nåmdal ønskjer ikkje kommentera saka fredag kveld.
I rettsavgjerda kjem det fram at mannen har heilt eller delvis erkjent forholdet.
– Det er for tidleg for at eg skal kunne kommentera denne saka.
Brot på den aktuelle paragrafen i strafferamma har ei øvre grense på 3 års fengsel.
Politiet meiner mannen har produsert framstilling av seksuelle overgrep mot barn eller seksualiserer barn, og har gitt ut, tilbydd, seld, eller gjort overgrepsmaterialet tilgjengeleg for andre.