Fiskestenger, vesker med kle, verktøy, parfyme og diverse anna tjuvegods ligg no i ein garasje hos politiet i Førde.
– Vi har funne det på litt forskjellige stadar. Både i ulike hagar i sentrum og heime hos gjerningsmannen, seier etterforskingsleiar Stine Marie Vårdal.
Ho fortel at gjerningsmannen no er arrestert og at han har erkjent å ha stole frå fleire hus.
– Han har gått rundt i Førde sentrum og plukka med seg ting. Han har ikkje heilt kontroll på kvar han har plukka med seg ting og kvar han har lagt frå seg ting, så det er framleis ting som er sakna, seier Vårdal.
- LES OGSÅ:
Politiet ber no folk i Førde om å sjå etter i hagar og i hekkar om der kan ligge noko tjuvegods.
KOM INNOM: Etterforskingsleiar i politiet, Stine Marie Vårdal, seier at ikkje alt tjuvegods er funne enno. Ho ber folk sjekke i hagane sine.
Foto: Anders Mildestveit / NRK– Det verkar som om han har tatt ting herifrå og derifrå utan mål og meining, seier Stine Marie Vårdal i politiet.
Ho fortel at eit vitne tok eit bilete av gjerningsmannen som nokre i politiet kjende igjen.
– Vi tok eit besøk hos vedkommande og der fann vi diverse tjuvegods.
Vårdal understrekar at folk ikkje treng å frykte at det no er ein bande med tjuvar som fartar rundt i byen.
– Det er snakk om ein lokal person som vi har kontroll på, seier Vårdal.
FISKESTENGER: Det er funne ganske mange fiskestenger rundt om kring.
Foto: Anders Mildestveit / NRK- LES OGSÅ: