Hopp til innhold

Sak frå 90-talet avslørt med nye detaljar: Mann dømd for overgrep 30 år seinare

Mannen vart først avslørt av ein fotograf som framkalla nakenbilete av unge gutar. 30 år seinare er saka igjen blitt aktuell.

Folk på vei inn i Oslo Tinghus

FERSK DOM: Den ferske dommen frå Oslo tingrett får fram nye og alvorlege detaljar i saka som fekk stor medieomtale på 90-talet. (ILLUSTRASJON)

Foto: Tobias Linnerud Fredø / NRK

Ein mann frå Vestlandet er nyleg dømt i Oslo tingrett for overgrep mot to unge gutar på Austlandet.

Det heile starta med ei opprulling på 90-talet. Då vart mannen dømd til seks månader fengsel i ei sak som fekk mykje medieomtale.

Saka starta den gong då ein fotograf på Vestlandet fann nakenbilete av unge gutar blant bileta han framkalla for den då ustraffa mannen.

30 år seinare har nye alvorlege skuldingar i saka dukka opp. For fire år sidan blei saka meld til politiet.

No er dommen klar: Vestlendingen får fengsel i fem år.

Hadde stor tillit hos foreldre

Sjølv nekta mannen straffskuld då saka var oppe i Oslo tingrett.

Min klient kjenner seg ikkje att i dei skuldingane som saka gjeld, seier forsvarsadvokat Paul-Inge Angelshaug om tiltala.

Han legg til at klienten vil nytte seg av retten til å anke avgjerda frå tingretten.

Men i rettsdokumenta vert tiltalte si forklaring omtala som «lite truverdig».

Bak lukka dører i Oslo tingrett blei det beskrive at tiltalte skal ha hatt ei omsorgsrolle til ein av dei fornærma han forgreip seg på.

I tillegg har han hatt verv i organisasjonar som jobbar med born og hatt stor tillit blant foreldre. Gjennom dette arbeidet skal nær 100 born ha overnatta hjå mannen.

Ifølge dommen drev mannen den gong med utlodding av «overnattingsbillettar» i miljøet overgrepa skjedde i.

Tiltaltes forklaring fremstår på den annen side som benektende og bagatelliserende, og retten mener hans forklaring er lite troverdig. Han har benektet å ha begått noe overgrep både mot de to fornærmede i saken og mot vitnene.

OSLO TINGRETT

Letta over å bli trudd

I tillegg til fengselsstraffa må mannen betale erstatning på nær 800.000 kroner til dei to fornærma, kjem det fram av dommen.

Bistandsadvokaten til ein av dei fornærma, Silje Breimo Bredesen, seier at hennar klient er letta over å ha blitt trudd i tingretten.

– Min klient er nøgd med dommen og er letta over å ha blitt trudd i ein samrøystes dom, seier ho.

Det er no fire år sidan ho melde saka til politiet på vegner av klienten hennar. Ventetida har vore ei enorm belasting for han sa ho til NRK i mai.

– Ventetida har vore uforholdsmessig lang, min klient er nøgd med at saka no vert behandla i rettssystemet, seier Bredesen.

Les også: Hadde 100 born på overnatting – må svare for nye skuldingar om overgrep

Oslo Tinghus Protector
Oslo Tinghus Protector

Hadde overgrepsbilete i heimen

Mannen blei på slutten av 90-talet dømd for «utuktig omgang» mot tre unge gutar.

Då politiet oppsøkte han på ny fann dei over 1.500 unike bilete og sju korte overgrepsvideoar av born i heimen hans.

Då den noverande saka vart avslutta i tingretten i midten av juni bad politiet om fem års fengsel for mannen.

– Det er alvorlege overgrep mot born, som også gjeld samleie. Dei har gått over lang tid, kring åtte år for det eine barnet. Overgrepa har gitt begge fornærma sterke traume, og dei har måtte leve med dette i 27 år, sa statsadvokat Tonje Tønder.