Hopp til innhold

Mann fengsla for vald mot sambuar

Ein mann i 20-åra blei laurdag fengsla i ei veke med brev- og besøksforbod i Hordaland tingrett. Mannen blei pågripen torsdag.

Han er sikta for mishandling i nære relasjonar, etter å ha utøvd vald mot sin sambuar, ei kvinne som også er i 20-åra, opplyser politiadvokat Bernt Dahlsveen.

Han bad om fire vekers fengsling. Politiadvokaten vil ikkje seia noko om kvar den no fengsla mannen blei pågripen. Retten la ned referatforbod frå rettsavgjerda.

– Dette er ei type sak der me ikkje kan gje noko særleg informasjon utover det eg alt har sagt, seier Dahlsveen.

– Min klient erkjenner ikkje straffskuld, og tar omtenkingstid på kor vidt han vil anka rettsavgjerda. Han håpar å bli lauslaten tidleg neste veke, seier mannen sin forsvarar Jørgen Riple.