Hopp til innhold

Mann omkom i klemulukke

Ein mann i 80-åra omkom i ei ulukke i Førde i føremiddag.

Politibil

ULUKKE: Ein mann omkom etter å ha blitt fastklemd mellom ein bil og ein hengar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen blei funnen livlaus mellom ein bil og ein tilhengar. Etter å ha forsøkt med hjarte- og lungeredning blei mannen erklært død, opplyser politiet i ei pressemelding. Dei pårørande er varsla.

Ulukka skjedde rett nedanfor ein gard i Angedalen i Førde. Mannen var busett i området. Det skal etter det politiet kjenner til ikkje ha vore vitne til hendinga.

– Ein mann er fastklemd mellom ein personbil og ein tilhengar. Han er bevisstlaus, uttalte Tatjana Knappen ved Vest politidistrikt til NRK tidlegare i dag. Politiet fekk melding om hendinga kl. 13.35.

– Vi er på staden og har starta etterforsking av hendinga, som vi reknar som ei ulukke, seier operasjonsleiar Per Algerøy.

Politiet melde først at mannen var kome i klem mellom ein hengar og ein traktor, men det viste seg å vere snakk om ein personbil og ein hengar, skriv dei på Twitter.