Mann fall over bord i Hjeltefjorden

Oppsummert

Ein omfattande redningsaksjon vart sett i gong etter at ein mann fall over bord frå ein seglbåt i Hjeltefjorden, sundag 2. september. Den blei avslutta mandag 3. september klokka 22, og politiet antek at mannen er omkommen.

  • Vil truleg leite i same område

    Politiet opplyser at dei vil halde fram med søket etter mannen som er sakna etter at han fall over bord frå ein seglbåt i Hjeltefjorden sundag. – Vi vil søke i området rundt Hauglandsosen no når det er lyst, fortel operasjonsleiar Lars Geitle.

  • Mann framleis sakna i Hjeltefjorden

    Mannen som fall over bord i Hjeltefjorden mellom Askøy og Litlesotra er framleis sakna. – Vêrforholda gjorde at vi trekte mannskapane tilbake for nokre timar sidan. Vi vil starte opp søket når det lysnar, fortel Nils-Ole Sunde ved Hovudredningssentralen.

  • Har funne den sakna mannen sine sko

    Det er funne eit par sko på ein holme i Hjeltefjorden mellom Askøy og Litlesotra. Ifølge operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt tilhøyrer skorne etter alt å døma den sakna mannen i 50-åra. HRS vurderer å trappa ned søket før midnatt.