Hopp til innhold

Avsluttar redningsaksjon etter seglar – leitar etter antatt død mann

Mannen i 50-åra som fall over bord mellom Askøy og Sotra har vore sakna sidan søndag.

Redningsskøyte i søk ved Hauglandsosen

REDNINGSSKØYTE: Mannskapar leitar både i strandsona og til sjøs måndag ettermiddag.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Klokka 15.36 søndag ettermiddag fekk Hovudredningssentralen (HRS) melding om at ein mann hadde falle i sjøen frå ein seglbåt i Hjeltefjorden. Uhellet skjedde i nærleiken av Anglevik på Sotra.

Mannen, ein franskmann i 50-åra, er framleis ikkje funnen måndag føremiddag.

– Vi leitar framleis etter mannen i området ved nordre del av Hauglandsosen. Vi har fått bistand frå norsk folkehjelp, Røde Kors og Norske redningsskøyter. I tillegg søker privatpersonar i heile området, fortel Torgils Lutro, lensmann i Sotra, Askøy og Øygarden.

Om lag 25 personar deltek i søket.

Hovudredningssentralen opplyser på Twitter klokka 10.15 måndag at det går føre seg strandsøk i området i tilfelle mannen har kome seg på land. I tillegg søker dykkarar etter antatt omkommen person i sjøen.

Hadde truleg ikkje redningsvest

Det var to personar om bord då uhellet skjedde. Ifølge politiet blei mannen treft av ein bom i samband med låring av segl. Deretter fall han i sjøen.

Bommen skal ha treft mannen i hovudet, så det er uklart om han blei skadd i forkant av fallet.

Den andre personen om bord kasta ifølge politiet ut ei livbøye. Livbøya har seinare blitt funne på land.

Politiet opplyser at mannen etter alt å døma ikkje var ikledd redningsvest.

Meiner å ha funne den sakna sin sko

Klokka 21.50 søndag kveld opplyser operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt at det er funne ein sko ved ein holme mellom Anglevik på Sotra og Askøy. Skoen tilhøyrer etter alt å døma den sakna mannen.

– Skoen blei funne ved ein holme. Søk har vist at han ikkje er på den holmen.

Redningsaksjon etter mann i Hjeltefjorden ved Sotra

REDNINGSAKSJON: Store leitestyrkar søker etter ein mann i Hjeltefjorden vest for Bergen. Biletet er teke frå Litlesotra.

Foto: Per Erik Monsen

Fleire skøyter frå redningsselskapet, brannvesenet, Kystvakta, frivillige organisasjonar og frivillige deltok i søket søndag kveld. I tillegg har tre helikopter vore med.

– Frå klokka 21.30 avsluttar me søket til sjøs på grunn av dårleg sikt. Strandsøket vil halda fram utover kvelden.

– Korleis vurderer de sjansane for at mannen framleis er i live?

– Dei legane me har vore i kontakt med, seier at det ikkje er mogleg å overleva så mange timar i sjøen med den havtemperaturen som er no. Men om vedkomande er på land, er det ein teoretisk moglegheit for at han er i live, seier Sunde, som seier HRS vil vurdera fortløpande kor vidt aksjonen skal trappast ned utover kvelden og natta.

Søket held fram måndag morgon

HRS opplyste tidlegare sundag at temperaturen i Hjeltefjorden er 16 grader. Temperaturen, i kombinasjon med slaget frå bommen, er faktorar som speler inn på overlevingsevna.

– Skadeomfanget er naturleg nok uvisst. Det er uklart kor vidt personen var medviten då han fall uti, seier Sunde.

Politiet sin operasjonssentralen fekk melding om ulukka klokka 15.41.

Operasjonsleiar Øyvind Halleraker i Vest politidistrikt opplyser måndag morgon at dei måtte kalle tilbake mannskapa i løpet av natta.

– Dårleg vêr og mykje vind gjorde det vanskeleg å søke. Vi tar ei ny vurdering når det er lyst ute, fortel han.

Mannen skal ha falle over bord i nærleiken av Anglevik på Sotra.

Redningsskøyte i aksjon på Hjeltefjorden

SJØSØK: Klokka 21.30 sundag kveld bestemte HRS å avslutta søket frå sjø på grunn av mørket.

Foto: Nils Arne Sæbø / NRK

Søker i same område

Redningsmannskapa har rutinemessig utvida leiteområdet i takt med at aksjonen ikkje har give resultat. Det er i området mellom Litlesotra og Askøy ein har søkt etter mannen.

Leitinga har framleis formelt status som redningsaksjon og ikkje søk etter antatt omkommen person.

– Om nokon har vore i nærleiken og sett det som skjedde er vi interesserte i å snakke med dei, seier lensmann Lutro.

Hjeltefjorden