Hopp til innhold

Mann (56) sakna i to døgn: Avsluttar leiteaksjonen

AUSTRHEIM (NRK): Mannen skulle til Bergen for å selje ein båt, men forsvann på vegen. Store mannskap har eitt etter 56-åringen gjennom helga. Politiet mistenker at båten hans har gått på eit skjer.

Skjær mellom Fedjefjorden og Fensfjorden

HAR FUNNE SPOR: Leitemannskapa konsentrerer no søket i dette området, mellom Fedjefjorden og Fensfjorden, der dei har funne spor på eit skjer.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Siste: Søket etter den sakna mannen vart avslutta i ettermiddag. Aksjonen går no over i ein ny fase, der det vert leitt etter det dei trur er ein omkomen person.

– Måndag får politiet bistand av firma med kompetanse på undervassøk, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Då vil dei søkja vidare under vatn der dei søndag såg merke på eit skvalpeskjer.

Leitemannskapa fann søndag ettermiddag funne på eit skjer mellom Fedjefjorden og Fensfjorden.

– Vi har gjort eit funn i området Fedjefjorden, heilt sør i Fensfjorden. Det er nokre merke på eit skvalpeskjer. Difor er det litt stor aktivitet der no, seier politiets innsatsleiar Rune Vedeler til NRK.

Eit skvalpeskjer er eit skjær som så vidt er synleg ved lågvatn. Leitemannskapa trur altså merka på skjeret kan kome frå den sakna båten. Men Vedeler understrekar at dei førebels ikkje har andre konkrete spor etter båten eller den sakna 56-åringen.

– Hovudteorien vår er at han er eit eller anna stad i dette området. Vi leitar etter han på holmar og skjer, seier innsatsleiaren.

skjær

Mannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder deltek i søket, i tillegg til ei rekkje båtar. Vedeler styrer mannskapa som søkjer på land frå basen i kommunehuset i Austrheim.

Hovudredningssentralen er interesserte i tips frå folk som kan ha sett eit mindre fartøy passere Fensfjorden frå Brosmeosen til Vetegjøgra mellom klokka 10 og 11 fredag.

– Det er ein båt vi har fått høyre var i det området i det tidsrommet, sa redningsleiar Asbjørn Viste laurdag.

Det er sør for dette området funnet på skjeret er gjort.

Leiteaksjonsleiinga er samla på kommunehuset i Austrheim

INNSATSLEIINGA: Rune Vedeler, som er politiets innsatsleiar søndag ettermiddag avsluttar søket for kvelden.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Meldt sakna av kamerat

I 10.30-tida fredag ringde ein bekymra mann til Hovudredningssentralen Sør-Noreg (HRS). Han hadde snakka med kameraten som var på veg i båt frå Sandnessjøen i Nordland til Hjellestad i Bergen.

– Vennen hadde vore i kontakt med den sakna på telefonen. Telefonsamtalen blei broten, og vedkommande fekk ikkje tak i sakna igjen, sa redningsinspektør Ståle Jamtlid ved HRS.

– Har de grunn til å tru at vedkommande kan vere i fare?

– Ikkje anna enn at det ligg føre ei bekymringsmelding og at han er sakna. Og det er grunn nok, sa Jamtlid.

56 år gamle Jan Rydheim var på veg til Bergen for å selje båten sin, ein 31 fots Paragon, og skulle etter planen ha vore framme klokka 12 fredag.

– Då han ikkje kom til avtalt tid, sette vi i gang eit søk, sa Jamtlid fredag ettermiddag.

Båt savnet i Fenfjorden

FRITIDSBÅT: Hovudredningssentralen har offentleggjort dette bildet, som viser båten som er sakna.

Foto: Hovedredningssentralen

Minst 20 båtar med i søket

Ein stor leiteaksjon blei sett i gang, og aksjonen blei trappa opp laurdag, då politiet også gjekk ut med namn og bilete på Rydheim.

Laurdag ettermiddag var minst 20 båtar, to helikopter og to fly med i leitinga.

Dessutan søkte politiet og frivillige frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder langs strendene på sørsida av Fensfjorden.

56 år gamle Jan Rydheim frå Sandnessjøen er sakna

SAKNA: Jan Rydheim er 56 år gamal, og har lang erfaring til sjøs, skriv politiet i ei pressemelding. Dei offentleggjer namn og bilete på den sakna i samråd med familien.

Foto: Privat

– Vi startar søket i Austrheim i Nordhordland, men det kan verta aktuelt å utvida søket til også å omfatta nordsida av Fensfjorden utover dagen, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Per Algrøy.

– Vi søkjer breitt, og arbeider ut ifrå fleire teoriar om kva som han ha skjedd. no må vi utnytte det fine vêret i leitinga, seier vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg, Asbjørn Viste.

Då det blei mørkt laurdag ettermiddag, blei strandsøket avslutta.

– Det er på grunn av tryggleiken til mannskapa. Dei kan ikkje gå rundt i strandsteinane på nattetid. Vi tek opp att søket i morgon tidleg, seier Viste klokka 17.30.

Han ber folk vera merksame og melda frå til HRS eller politiet om dei ser ein båt som ligg og driv, eller ser vrakgods.

Har du tips i saka, kan politiet kontaktast på telefon 02800, eller HRS på telefon 51646000.

K. G. Jebsen II

SØKJER: Redningsskøyta «K.G. Jebsen II» søkjer i Fosnstraumen mellom Radøy og Austrheim i 13-tida søndag.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Radarekko og mobilsignal

Politiet har fått fleire tips frå folk som meiner dei har sett båten på veg sørover, men førebels har dei ikkje ført nokon veg. HRS, som leier leiteaksjonen, har heller ikkje fått tak i mannen på telefon.

– Telefonen går rett til svarar, sa redningsleiar Børge Galta ved HRS i 18-tida fredag.

Søket frå lufta blir konsentrert mellom Fensfjorden og Hjeltefjorden, på austsida av Fedje.

– Det er fleire ting som indikerer at vi er i rett område. Vi kan jo aldri vere heilt sikre, men både observasjonar, radarekko og mobilsignal peikar mot det, sa redningsleiar Eric Willassen fredag kveld.

Observasjonen blei gjort i Steinsundet i Sogn og Fjordane fredag klokka 09.55, då ein tipsar skal ha sett båten i høg fart på veg sørover.

Samlingspunkt for letemannskaper ved Austrheim kommunehus

LEITEAKSJON: Mannskapa som leitar frå land har kommunehuset i Austrheim som base.

Foto: Alrik Velsvik / NRK