Hopp til innhold

Mann dømt for valdtekt av 14-åring

Ein mann i 30-åra er dømt til fengsel i åtte år, for å ha valdteke ei 14 år gammal jente i Nygårdsparken i Bergen i fjor. Mannen er også dømt for å ha valdteke ei vaksen kvinne i 2017.

Mannen nekta straffskuld og har forklart at begge tilfella handla om frivillig sex.

Mannen må også betale jenta 260 000 kroner i erstatning, i tillegg til 220 000 kroner til kvinna, skriv avisa.

NRK har vore i kontakt med mannen sin forsvarar, Usama Ahmad. Han ikkje vore i kontakt med sin klient, og ynskjer ikkje å kommentera dommen på noverande tidspunkt.