Hopp til innhold

Dømt for oppbevaring av overgrepsbilete

Ein mann frå Nordfjord oppbevarte meir enn 170 000 bilete som mellom anna viser born som blir utsette for seksuelle overgrep. No er han dømt til fengsel i eitt år og åtte månader.

Sogn og Fjordane tingrett

DØMT: Ein mann er dømt i Sogn og Fjordane Tingrett.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var i oktober 2014 at mannen vart pågripen og varetektsfengsla i åtte veker. Kripos vart varsla av Interpol i England i mars same året om at ein nordmann var aktiv i deling av overgrepsbilete av born.

Det viste seg å vere ein mann frå Nordfjord.

– Eg har ikkje fått snakka med klienten min. Det er enno uvisst om han kjem til å anke, seier forsvarar Geir Jesinsky.

I dommen frå Sogn og Fjordane tingrett blir det lagt vekt på at det vart funne særs mange bilete som viser seksuelle overgrep mot born eller som seksualiserer born. I tillegg legg retten vekt på at mannen har formidla vidare materiale til andre.

Dei straffbare handlingane skjedde i ein tiårsperiode frå 2004 til 2014, då mannen vart pågripen og varetektsfengsla.

Avviser at han er pedofil

I retten forklarte mannen, som tidlegare er ustraffa, at han sjølv ikkje har hatt interesse for barnepornografi og enda mindre overgrepsbilete som omhandlar barn. Han avviser at han er pedofil, eller at han har ei tiltrekking mot barn. Han forklarar aktiviteten med ein nysgjerrigheit omkring miljø på nettet der barnepornografi er tema.

Han meiner sjølv at det er tilfeldig at han søkte dette miljøet og at det like gjerne kunne vore retta mot lovlege tema som musikk, krigsbilete eller liknande.

– I utgangspunktet har min klient lasta ned fleire million bilete på grunn av sin nerdete tilnærming til data. Det kvantumet som er funne av straffbart materiale kan ikkje vere gjennomgått av klienten, og det burde retten i større grad teke omsyn til, seier forsvararen Geir Jesinsky.

Men retten festar ikkje lit til denne delen av forklaringa. I dommen blir det påpeika at mannen har chatta med andre personar, der seksuelle fantasiar om born har vore tema. I desse samtalane har også overgrep mot born vorte diskutert.

Retten nemner at mannen delvis har erkjent straffskuld. Men dette blir vektlagt i mindre grad fordi det vart funne langt fleire bilete og videoar enn det han har erkjent.

NRK har vore i kontakt med påtalemakta, men politiadvokat Sissel Kleven ønsker ikkje å kommentere dommen.