Hopp til innhold

Dykkarfirma vart dømt: – Viktig at useriøse aktørar vert luka ut av bransjen

Timuray Näslund trudde han skulle døy etter ein arbeidsulukke. Nyleg er ein mann frå Vestland dømt for brot på arbeidsmiljøloven.

Timuray Näslund, på Haukeland universitetssjukehus.

FARLEG: Her ligg Timuray Näslund i sjukesenga på Haukeland. Han måtte ha oksygen etter eit dykk, og det var mistanke om trykkfallssjuke. No er eit dykkarfirma dømt.

Foto: Privat

Eit arbeidsdykk ved eit kaianlegg på Vestlandet i 2018 heldt på å enda fatalt for den svenske arbeidsdykkaren Timuray Näslund.

Ei ukontrollert oppstigning førte til frykt for trykkfallssjuke, og han vart frakta til Haukeland universitetssjukehus i luftambulanse.

– Eg trudde eg skulle døy, har Näslund tidlegare sagt til NRK.

Haugaland og Sunnhordland tingrett har no dømt ein mann i 50-åra frå Vestland til fengsel på vilkår i 30 dagar, og til å betala ei bot på 30.000 kroner etter ulukka.

Han var eigar av dykkarfirmaet som engasjerte Näslund.

Arbeidsgjevar tiltalt etter at Timuray var døden nær etter dykk

Mannen er dømt for til saman seks brot på arbeidsmiljøloven.

– Dommen er langt på veg i samsvar med min påstand, og den skulle gje god signaleffekt, seier politiadvokat Trygve Ritland, som var aktor då saka gjekk for retten i slutten av mars.

Trygve Ritland, politiadvokat

ALVORLEG: Politiadvokat Trygve Ritland understrekar at dykking er farleg. Han var aktor då saka gjekk for Sunnhordland tingrett.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Viktig for alle arbeidsdykkarar

Han understrekar at arbeidsdykking er arbeid med stort farepotensial.

I perioden 2016 til 2018 gjennomførte Arbeidstilsynet til saman 64 tilsyn i dykkarbransjen.

I heile 60 prosent av verksemdene var det avvik som i verste fall kan få fatale konsekvensar.

Det som gjekk att var manglar ved opplæring, øving, beredskapsplanar og naudprosedyrar.

På Tysnes var det fleire brot på lovverket, som potensielt kunne ha kosta Näslund livet.

Timuray Näslund

ELSKAR DYKKING: For svenske Timuray Näslund er dykking livet. Han er glad for at det vert teke tak i useriøse aktørar i bransjen.

Foto: Privat

Men Näslund slapp med skrekken, og trengde berre oksygenbehandling for å komma seg igjen. Ulukka sette uansett ein skikkeleg støkk i han.

– For meg er det viktig at useriøse aktørar vert luka ut av bransjen. Det er viktig for alle som jobbar som arbeidsdykkarar. Både no, og i framtida, seier han.

Dykkarutstyret hadde manglar

Haugaland og Sunnhordland tingrett meiner det ligg føre skjerpande omstende i saka.

Ein mangla både risikoanalyse og arbeidsinstruks, dykkarutstyret hadde manglar, og det var ikkje oksygen tilgjengeleg ved dykkarstaden, ifølgje dommen.

Vidare var det ingen dykkarar standby som lett kunne hoppa uti vatnet om Näslund fekk problem.

Alt dette kunne ha ført til alvorleg fare for liv og helse, heiter det i dommen.

Timuray Näslund

VENTAR: Her sit Timuray Näslund utanfor rettslokala på Stord, der ein mann frå Vestland var tiltalt for fleire brot på arbeidsmiljøloven.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Retten skriv at lang saksbehandlingstid frå politiet si sida har gjort at straffa vert mildare, og at ein riktig reaksjon ville vore 60 dagar fengsel for mannen frå Vestland.

Trass i at det ikkje vart fatalt utfall i denne ulukka, meiner Ritland at retten er tydeleg på at dykking har eit stort farepotensial.

Mannen sin forsvarar, advokat Bente Hermansen, seier til NRK at klienten hennar hadde teke HMS på alvor før jobben på Tysnes i 2018, mellom anna gjennom dialog med Arbeidstilsynet og innleige av eksternt firma.

Mannen kjenner seg ikkje igjen i den framstillinga frå Timuray Näslund, og meiner ein kan diskutera kva som var årsaka til det som skjedde denne dagen.

– Saka har vore ei stor belastning for min klient, seier ho.

Han ønskjer no ro om saka, og kjem neppe til å anka dommen, seier Hermansen.

Ikkje bevis for dykkarsjuke

Påtalemakta la ned påstand om oppreisingserstatning til Näslund med 50.000 kroner.

Men her kom retten til at det ikkje er bevis for at dykkaren faktisk fekk dykkarsjuke eller om han vart skremt under dykket.

Näslund har i intervju med NRK uttrykt at han frykta han skulle døy etter dykket, og i dommen kjem det fram at han kan ha fått ein mild form for trykkfallssjuke.

Han fekk behandling med oksygen på legekontoret på Tysnes, og i helikopteret på veg til Haukeland.

Retten meiner likevel at vilkåra for å dømma eigaren av dykkarfirmaet til erstatning ikkje er oppfylte.