Hopp til innhold

Mann dømd for valdtekt

Ein mann i 50-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd for valdtekt, det skriv Sunnmørsposten.

Mannen skal ha forgripe seg på ei kvinne medan ho sov etter ein fest. Fornærma og tiltalte har ein familierelasjon. Mannen må sone 3 år og 3 månader i fengsel. Han må i tillegg betale 150.000 kroner i oppreising.