Hopp til innhold

Mann dømd for drap på mora

Ein mann (21) er i Hordaland tingrett dømd til 13 års fengsel for drap på mora. Han er også dømd til å betala totalt 750.000 kroner i erstatning til dei etterlatne.

Den 55 år gamle kvinna vart funnen kvelt i heimen sin på Brattholmen på Litle-Sotra i mai 2020. I retten nekta 21-åringen for drapet.

I dommen slår retten fast at sonen står bak drapet, då det er gjort ei rekke DNA-funn av han på halsen til mora.

– Ho vart drepen av ein person ho burde ha tillit til, i sin eigen heim som skulle ha vore ein trygg stad for ho, skriv dommarane som straffeskjerpande omstende.

UNDERSØKINGAR
Foto: Therese Pisani