Hopp til innhold

Mann dømd for å ha køyrd i ruspåverka tilstand

Ein mann er i Sogn og Fjordane tingrett dømd for å ha køyrt bil i ruspåverka tilstand.

Hendinga skjedde i mars i år. Mannen køyrde ein personbil inn i ein mur, med materielle skadar til følge. Deretter køyrde han frå staden før bilen havarerte.

Han må betale ei bot på 20.000,-. I tillegg får han køyreforbod i to år og ni månadar og må avleggje ny førarprøve for å få førarkortet att.