Hopp til innhold

Mann arrestert etter garasjebrann på Bønes

Ein person blei pågripen like ved ein brennande garasje på Bønes i Bergen. Brannvesenet fekk raskt kontroll på flammane.

Litt før klokka fem i dag rykka naudetatane ut til Bønes etter melding om brann i ein garasje.

– Brannvesenet fekk forholdsvis raskt kontroll. På staden kom politiet i kontakt med ein person i nærleiken av garasjen som stod i flammar. Han er pågripen mistenkt for å stå bak dette, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

Mannen skal vere i slutten av førtiåra. Politiet vil ikkje seie noko om kvifor han blei pågripen.

Blir sett i varetekt

Området er no sperra av medan politiet ventar på krimteknikarar som skal undersøke korleis brannen blei sett på. Det skal vere snakk om mindre skader på garasjen.

– Den arresterte mannen vert teken med til legevakta for ein blodprøve, og så sett i varetekt hos politiet, seier Rebnord.