Hopp til innhold

Mann (51) tiltalt for grove overgrep mot mindreårige jenter

Austlendingen skal ifølgje tiltalen ha utført svært grove overgrep mot mindreårige jenter fleire stader i Sør-Noreg.

Illustrasjon.

TILTALT: Den 51 år gamle mannen frå Austlandet er tiltalt for ei rekkje overgrep mot mindreårige jenter.

Foto: pressebilde

Det er ein omfattande tiltale påtalemakta no tar tatt ut mot den 51 år gamle mannen frå det sentrale Austlandet.

Frå 2006 og fram til 2018 skal mannen ha forgripe seg på det grovaste mot i alt fem jenter frå 11 til 15 år.

Alle hadde i større eller mindre grad eit tillitsforhold til mannen. Mannen har i mange år vore ein kjend person i området han bur, blant anna fordi han var frivillig og tillitsvald i Røde Kors.

– Straks vi fekk vite at mannen var sikta, blei han utestengd frå all aktivitet og fråteken dei verva han hadde, seier den daglege leiaren i Røde Kors-distriktet mannen var aktiv i.

Mannen jobba ikkje med barn i Røde Kors, får NRK opplyst frå organisasjonen. Han er no ekskludert.

Dei mest langvarige og mest omfattande overgrepa skal ha skjedd mot ei jente frå Vestland.

Frå jenta var 12 til ho var 16, skal mannen ha hatt seksuell omgang med jenta ei rekkje gonger og fått ho til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv.

– Særs skjerpande

I avhøyr har kvinna fortalt at ho følte at ho var i eit avhengigheitsforhold til mannen og at det var vanskeleg å bryte den vonde sirkelen.

– Det er særs skjerpande omstende rundt dette, skriv statsadvokaten i tiltalen.

– Klienten min vegår for det aller meste ikkje noko skuld i tiltalen, seier mannen sin forsvarar, Ivar Hauge.

Gjennom jobb og fritid har mannen reist rundt i Sør-Noreg i fleire år.

– Det er ei veldig stor og alvorleg sak. Jentene har vore i omgangskrinsen hans, og han har møtt ei på Internett. Det er familierelasjon med enkelte, sa politiadvokat Christine Wisløff til NRK tidlegare i år.

– Prøvde å skyve det vekk

Saka kom til overflata i 2018 då den no vaksne jenta frå Vestland melde mannen til politiet, fleire år etter at overgrepa skal ha skjedd.

– Ho har prøvd å skyve overgrepa vekk, og ikkje heilt ville ta det innover seg. Det endrar seg når ein blir vaksen og ser ting i perspektiv, meiner bistandsadvokaten hennar, Lene Knapstad.

Mannen blei pågripen, fengsla og fleire politidistrikt gjekk saman om ei omfattande etterforsking.

Kripos har også hjelpt til, særleg med å sikre spor frå datamaskinene og telefonane til mannen som no er tiltalt.

NRK veit at politiet har etterforska saka breitt og vore opne for at det kan vere fleire offer for overgrep enn dei fem som no er omtalt i tiltalen.