Hopp til innhold

«Operasjon Krypt»: Mann (46) tiltalt for nettovergrep mot over 40 barn

Bergensaren risikerer 21 års fengsel for grove valdtekter av norske og utenlandske barn, samt for å ha filma barn med skjult kamera i svømmegarderobe.

Seksjon for internettrelaterte overgrep i Kripos

AVSLØRT AV KRIPOS: Det var politietterforskarar på Bryn, ved Kripos sin seksjon for internettrelaterte overgrep, som avslørte bergensaren som no er tiltalt for nettovergrep. Dette er eit illustrasjonsbilete som syner kor personar som lastar ned overgrepsmateriale bur.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ein 46 år gamal mann frå Bergen er tiltalt for grov valdtekt av barn under 14 år, samt for å ha fått barn under 14 år til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølve.

Han er også tiltalt for å ha hatt seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år, samt for å ha produsert og delt overgrepsmateriale vidare på det mørke nettet.

Alle overgrepa skal ha skjedd over internett, der mannen har utgitt seg for å vera ei jente.

Men mannen er også tiltalt for å ha filma nakne barn og vaksne på eit badeland i Bergen, i ein periode på tolv år frå 2008 og fram til 2020.

Ifølge tiltalen skjulte mannen kameraet i ei såpeflaske.

31 barn under 14 år

Tiltalen som statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen har tatt ut, er heile 15 sider lang og over 40 barn er lista opp som fornærma i saka.

31 av offera er barn under 14 år. Dei yngste heilt ned i 8-årsalderen.

- I underkant av ti barn er utanlandske. I tillegg er det nokre tiltalepostar som omhandlar barn som ikkje er identifisert, fortel Stolt-Nielsen til NRK.

– Over tusen fornærma

Forsvarsadvokat Kim Villanger seier til NRK at mannen i all hovudsak erkjenner straffskuld for tiltalen.

NRK skreiv om etterforskinga i fjor sommar, hadde politiet på det tidspunktet identifisert 40 norske gutar som offer for mannen sine aktivitetar på nettet.

Men politiet meinte også at omfanget kunne vera «mykje, mykje større» og at det kunne vera opp mot 1000 fornærma i saka, både i Noreg og i utlandet.

– Vi har lukkast med å identifisere ein del av dei fornærma, men langt frå alle, seier seksjonsleiar for påtale i Vest politidistrikt, Janne Ringset Heltne, til NRK måndag.

Janne Ringset Heltne i Vest politidistrikt

ETTERFORSKING: Janne Ringset Heltne, seksjonsleiar for påtale i Vest politidistrikt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Avslørt av Kripos

Bergensaren vart pågripen i midten av desember 2020 og har sidan då vore varetektsfengsla. 46-åringen vart avslørt av Kripos og etterforskinga fekk etter kvart namnet «Operasjon Krypt».

Den no tiltalte mannen har hatt ein framgangsmåte som politietterforskarar kjenner att frå mange andre overgrepssaker på nettet.

46-åringen har gitt seg ut for å vera ei jente på chattetenestene Omegle og Skype. Der har han spelt av videoopptak av jenta til dei fornærma, der ho utfører seksuelle handlingar med seg sjølv.

– Mange gutar blir lurt, trur dei kommuniserer med denne jenta og blir bedt om å kle seg nakne og utføre seksuelle handlingar på seg sjølv. Mannen gjer filmopptak av dette og deler materialet vidare på det mørke nettet, fortalde Heltne til NRK i fjor sommar.

Hordaland tingrett, Bergen

RETTSSAK: Saka er enno ikkje beramma i Hordaland tingrett, men det kan bli sak i løpet av hausten.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Risikerer 21 år

Paragraf 301 i straffelova, som omhandlar grov valdtekt av barn under 14 år, har ei strafferamme på 21 års fengsel.

Det er også tatt ut tiltale etter paragrafane 311 og 299. 311 omhandlar produsering og deling av overgrepsmateriale.

Ifølge tiltalen har han ulike stader på det mørke nettet delt over 269 filmar på to nettforum, samt minst 5TB med bilder og film på ei fildelingsside.

Saka har førebels ikkje fått datoar for rettsforhandlingar i Hordaland tingrett.

Statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen seier til NRK at saka kan kome opp i løpet av hausten.