Hopp til innhold

Mann (25) i sikkerheit etter å ha blitt ført 30 meter ned ei elv

Ein mann fall uti elva nedanfor Vøringsfossen, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Vøringsfossen
Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Han skal ha blitt ført om lag 30 meter langs elva, opplyser Magnussen.

Den 25 år gamle mannen skal ha falle uti elva frå ei turløype i dalen under Vøringsfossen i Eidfjord kommune i Hordaland. Han klarte å komma seg opp på ein stein, der han sat stranda utan å komma seg til land. Folk som stod på stien kom seg heller ikkje ut til han, opplyser Magnussen.

Han skal no vera i sikkerheit. Det melde politiet klokka 18.31. Han blei først tatt hand om av mannskapet til brannvesenet og blir undersøkt nærare av helsepersonale.

Skadeomfanget er foreløpig ukjent, men Magnussen seier det truleg er snakk om mindre skader.

– Han gjekk etter kvart i land sjølv, og var komen i land då me kom fram til staden, seier Magnussen.

Han opplyser at mannen skal ha ein kul i hovudet. Han blir no køyrt til Voss sjukehus for sjekk, melder politiet.

Han skal ha sklidd på ein stein og vore under vatnet fleire gonger, før han klarte å klamra seg til ein stein i elva. Politiet opplyser at han fekk hjelp av ein meldar og ein annan turist for å koma seg i sikkerheit.

Politiet melde om hendinga på Twitter like over klokka 18.00.

Laster Twitter-innhold

Naudetatane er no ferdige på staden.