Det var laurdag kveld 26. september 2020 at kvinna vart funnen død i ein leilegheit i Eidsvåg i Bergen.
Ein då 19 år gamal mann vart funnen medvitslaus i same leilegheit. Seinare vart han sikta for drap og no er han også tiltalt.
Den drepne var Sofie Vo Nguyen. Ho var student ved NHH.
Dei to flytta til Bergen frå Austlandet og budde saman i leilegheita i Eidsvåg. Den no tiltalte mannen erkjente tidleg i etterforskinga at det var han som hadde tatt livet av 20-åringen.
– Han har frå første avhøyr fullt ut erkjent kva han har gjort og har ønska å ta ansvar for det, seier forsvarar Erik Johan Mjelde til NRK.
Døydde av kveling
Mannen er tiltalt for å ha kvelt kvinna ved å stramme eit putetrekk rundt halsen på henne.
Han er også tiltalt for dyremishandling, etter at han skal ha stengt katten til kvinna inne i ei vaskemaskin. Katten kom seg ikkje ut og vart seinare funnen død.
Mannen er også tiltalt for likskjending, då politiet meiner mannen har valdteke eller misbrukt kvinna etter at ho var død.
– Han har erkjent straffskuld for drap, men resten nektar han for, seier konstituert statsadvokat Silje Alsaker Solheim.
Forsvararen seier mannen erkjenner å ha plassert katten i vaskemaskina, men at det aldri var meininga at den skulle døy.
Mjelde viser til at mannen vart funnen medvitslaus i leilegheita, ifølge forsvararen etter at han forsøkte å ta sitt eige liv.
– Han stiller seg heilt uforståande til tiltaleposten om likskjending eller valdtekt, seier Mjelde.
FORSVARAR: Erik Johan Mjelde i Hordaland tingrett før fengslingsmøtet 28. september i fjor. Politiadvokat Eli Valheim til høgre.
Foto: Even Norheim Johansen / NRKHar forklart seg om motiv
Ho seier mannen er funnen strafferettsleg tilrekneleg og kan difor kan dømmast til fengselsstraff.
Statsadvokaten seier også at dei har ei meining om kva som er motivet for drapet, men at ho ikkje vil kommentere det no.
– Det har vore ein relasjon mellom dei to. Han har forklart seg om drapsmotiv til politiet og vil forklare seg i retten, seier forsvarar Mjelde.
Det er sett av åtte dagar til rettssaka i Hordaland tingrett. Rettsforhandlingane byrjar 22. november.
Naboar fann drapsofferet
To menn i 20-åra som budde saman i ein anna leilegheit i huset, fekk den aktuelle september kvelden ein telefon frå mora til den drepne kvinna.
Ho var uroa fordi ho ikkje hadde fått kontakt med dottera på ei stund.
Dei to naboane har fortalt at dei saman med huseigar tok seg inn i leilegheita der dei fann mannen medvitslaus på eitt soverom og den døde kvinna på eit anna soverom.