Det er åtte år sidan rekneskapskontoret Fjord Services i Måløy forsøkte å lokke til seg det dei trong mest: Ein autorisert rekneskapsførar.
I ein annonse som vart lagt ut på heimesida, på Finn og diverse sosiale medium, kunne selskapet tilby «varierte og spanande arbeidsoppgåver», «fagleg oppdatering» og «det gode liv i Måløy».
Men surfing på Stad, toppturar og fiske var ikkje nok – søknadane kom ikkje.
SØKER FRAMLEIS: Kristian Skibenes vurderer å satse meir på rekrutteringsbyrå, sidan ingen søker på annonsen.
Foto: Arne Stubhaug / NRKDei neste åra har selskapet lagt ut den same annonsen, med små variasjonar, med håp om at søkarane skal dukke opp.
– Vi har oppdatert den slik at det ser ut som det er litt liv i oss, men vi har aldri fått førespurnader på bakgrunn av den annonseringa, seier eigar Kristian Skibenes.
Rekordmange jobbar
Verksemder over heile landet slit med å skaffe nok arbeidskraft.
Både NAV og SSB sin statistikk viser at det er rekordmange jobbar i marknaden akkurat no.
Dei siste sesongjusterte tala til SSB, fjerde kvartal i 2021, viser at det var 95.600 ledige jobbar.
Det er 30.000 fleire jobbar enn same kvartal i 2018, før pandemien.
Tala er også dei høgaste sidan 2010.
LEDIGE JOBBAR: Det er rekordmange ledige jobbar i Noreg akkurat no.
Foto: Leif Rune Løland / NRKTala frå NAV viser også ein tilsvarande tendens. Fjoråret var eit rekordår, der 484.000 stillingar vart utlyste.
Ein auke på 30 prosent samanlikna med normalåret 2019.
Apriltala for i år viser at tendensen forsterkar seg. Då vart 49.300 nye ledige stillingar registrerte på arbeidsplassen.no, som er ein auke på 9 prosent samanlikna med april i rekordåret 2021.
Må seie nei
Selskapet i Måløy kunne teke mange fleire oppdrag enn i dag – hadde dei berre hatt fleire tilsette.
I dag har selskapet ni autoriserte rekneskapsførarar. Fleire går av med pensjon dei neste ti åra. No vurderer dei å rekruttere nokon som kan jobbe frå ein annan stad, ettersom dei ikkje får tak i nokon som vil flytte til Måløy.
Då dei skulle ha tak i ny dagleg leiar for eit år sidan, var erfaringane med annonsering så dårleg at dei valde ein heilt annan strategi.
– Då måtte vi bruke profesjonelt rekrutteringsbyrå for å finne nokon.
Stor mangel
NHO brukar ordet «kritisk» om mangel på kvalifisert arbeidskraft i fleire yrke.
– Når bedriftene må redusere aktiviteten sin eller kanskje til og med stenge, så er det alvorleg, seier rådgjevar Ann-Kristin Kristoffersen i NHO Vestland.
To av tre NHO-verksemder oppgir å ha eit udekt kompetansebehov, viser NHOs kompetansebarometer for 2021.
Dette er ein rekordhøg andel.
Enkelte tal er ekstra skremmande for verksemdene no, viser undersøkinga:
- Det er særleg andelen verksemder med stor grad av udekt kompetanse som aukar: Frå 8 prosent i 2020 til 14 prosent i 2021.
- Nesten halvparten av verksemdene (45 prosent) skriv at mangel på kompetanse fører til tapte kundar eller marknadsandelar.
- Nesten halvparten av verksemdene (45 prosent) skriv at mangel på kompetanse fører til skrinlegging eller utsetting av utviding av verksemda.
STORT FRUSTRASJON: Fleire verksemder brukar ord som «kritisk» om mangel på arbeidskraft, seier rådgjevar Ann-Kristin Kristoffersen i NHO Vestland
Foto: NHOSlit med rekruttering
Den mellomstore verksemda Eid Elektro på Nordfjordeid har 85 tilsette og merkar kor vanskeleg det er å få tak i ingeniørar.
Mønsteret er at mange av dei som flyttar ut for å ta høgare utdanning, ikkje flyttar heim igjen.
Akkurat no søker verksemda etter tre ingeniørar. Selskapet har ute annonsering etter denne type arbeidskraft «til ei kvar tid», seier dagleg leiar, Tore Hjelle.
– Det er den største avgrensinga på vår vekst. Vi kunne vakse meir hadde vi hatt meir folk.
MANGLAR INGENIØRAR: Mange flyttar vekk når dei skal studere og kjem ikkje tilbake, seier dagleg leiar i Eid Elektro, Tore Hjelle.
Foto: Arne Stubhaug / NRK