Hopp til innhold

Manglar pengar til storfilm

Randi Førsund går knallhardt ut mot filminstituttet.

Randi Førsund
Foto: Synnøve Aasland / NRK

Ho skuldar Norsk Filminstitutt mellom anna for Oslosentrering og arroganse.

Fortvila over situasjonen

- Skal dei halde på sånn som dei gjer no får dei kalle seg Oslo- og Akershus filminstitutt. Det er veldig mange regionar som er fortvila over situasjonen, seier Randi Førsund.

Heilt sidan tidleg i tenåra har 33 år gamle Førsund frå Leirvik i Sogn hatt ein draum om å realisere filmen Hemnen. Dette er eit storprosjekt med hovudpersonen Gunhild, full av sognenatur og mystikk frå Vikingtida,

Filmen har eit budsjett er på om lag 100 millionar kroner. Førsund har jobba med å få finansieringa på plass heilt sidan 2002, så langt utan resultat.

Oslosentrert filmmiljø

I eit brev til fylkeskommunen kjem ho med ei breiside mot det ho hevdar er eit altfor oslosentrert filmmiljø. Førsund har spesielt lite sans for Norsk Filminstitutt, som framstår veldig arrogant, meiner ho.

Nina Refseth tok til som direktør ved Norsk Filminstitutt 1. april og vedgår at ho ikkje kjenner til "Hemnen" og prosessen rundt filmen. Ho ønskjer difor ikkje å kommentere kritikken, men viser til at Førsund ikkje har teke kontakt så lenge Refseth har site i sjefsstolen.

- Vi har lagt stor vekt på å få god kontakt med regionane no i oppstarten, og det er ein del av det oppdraget vi har frå staten vidare, seier Refseth.