Hopp til innhold

Manglar kvinner - meiner næringslivet går glipp av kompetanse

– Næringslivet går glipp av kompetanse når dei ikkje maktar å rekruttere kvinner til styreverv. Det seier næringsminister Monica Mæland.

Næringsminister Monica Mæland (H)

MÅ BLIR MEIR MEDVITNE: Næringsminister Monica Mæland (H).

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

Berre 13 prosent av aksjeselskapa i Sogn og Fjordane har kvinnelege styreleiarar, og fylket har den skeivaste kjønnsbalansen i næringslivet, syner tal frå SSB.

– Eg tenker det er svært uheldig, først og fremst for næringslivet sjølve, seier næringsminister Monica Mæland.

Mæland er klar på at næringslivet har ein jobb å gjere, og syner til at i statlege verksemder har dei i dag ein kvinnedel på 47 prosent. .

– Det er på mange måtar eit sløseri med kompetanse som er tilgjengeleg, når ikkje fleire kvinner får styreverv.

Etterlyser meir fantasi

– Eg etterlyser vel litt meir fantasi når ein leitar etter personar som kan bidra med kompetanse og tid inn i styra våre, seier Anne Mette Hjelle.

Anne Mette Hjelle

MEIR FANTASI: Anne Mette Hjelle, tidlegare profesjonell styremedlem i Sogn og Fjordane.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Hjelle har tidlegare vore profesjonell styremedlem i Sogn og Fjordane. I 2006 starta ho for seg sjølv som kommunikasjonsrådgjevar, og blei og med i NHO sitt kvinneretta program som heiter mangfaldig leiing. Ho trur årsakene til at det ikkje er fleire kvinner i styreromma her i fylket kan vere samansette.

– Eg etterlyser vel ein vilje til å fylle på med nytt blod, både frå innflyttar og kvinner. Og så må vi kvinner og seie ja og ikkje vere så redde for å dumme oss ut når bi blir bedne om å bidra med synspunkt.

Må bli meir medvitne

I Norge i har vi i dag 250 000 aksjeselskap. Mange av dei er små og nokre er einmannsbedrifter med einmannsstyre. Det kan vere noko av grunnen til at vi finn så få kvinner i styra meiner næringsminister Monica Mæland.

– Så er det nok og slik at ein ikkje har vore medvitne nok. No må vi sørge for å opp kunnskapsnivået, syne fram gode eksempel slik at ein blir meir medvitne på å rekruttere kvinner. Det trur eg vil vere bra for verksemdene.