Hopp til innhold

Fleire unge slit – men Noreg manglar over 2000 helsesjukepleiarar

Koronapandemien har ført til ein auke av unge med psykiske plager. Samstundes viser ein ny rapport frå Sintef at landet manglar over 2000 helsesjukepleiarar.

Kaia og Dilyar på Førde ungdomsskule

VIKTIG RESSURS: Dilyar (15) og Kaia (14) sit i elevrådet på Førde ungdomsskule og trur helsesjukepleiaren er viktig for elevane.

Foto: Ingeborg Kløve-Graue / NRK

Kaia (14) og Dilyar (15) er elevar på Førde ungdomsskule. Dei fortel at helsesjukepleiaren er viktig for å skape trivsel på skulen og kunne tenkt seg at ho var der oftare.

– Helsesjukepleiaren er viktig for at me skal ha nokon å snakke med, seier Kaia.

Helsesjukepleiaren er blant anna eit lågterskeltilbod som er gratis for alle elevar (sjå meir info i faktaboks)

– Me har sett eit aukande behov for helsesjukepleiaren under pandemien, seier rektor Hallgeir Hamre på Førde ungdomsskule.

Fleire og meir krevjande oppgåver

Ein fersk rapport frå Sintef viser at ein i dag har 3585 årsverk med helsesjukepleiarar. Ifølge Helsedirektoratet sine fastsette normtal burde talet vore 5663 årsverk, som vil seie at ein manglar 2078 årsverk.

I tillegg viser rapporten at oppgåvene til helsesjukepleiaren blir stadig meir utfordrande. Fleire barn og familiar tek opp problematikk som er knytt til psykisk helse og vald. Dei har og fått fleire lovpålagde arbeidsoppgåver, som fører til at helsesjukepleiaren må velje vekk andre viktige oppgåver.

Tala er ei underdriving

– At det manglar over 2000 årsverk er ei underdriving, seier leiaren i landsgruppa av helsesjukepleiarar i NSF Ann Karin Swang.

Ann Karin Swang

ØYREMERKING: Ann Karin Swang ynskjer at regjeringa skal øyremerke midlane til helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Foto: NSF

Ifølge Swang er mangelen sett ut ifrå anbefalte normtal som vart lovpålagde i 2010. Sidan då har yrket endra seg mykje, og arbeidsoppgåvene er blitt fleire og meir tidkrevjande.

Leiaren seier at helsesjukepleiarar frå heile landet fortel om vanskelege prioriteringar i arbeidsdagen, stillingar som blir kutta og ei auka arbeidsbelastning.

– Me har hamna i ein vond sirkel, seier Swang.

Ifølge ho er utfordringane at dei utdannar for få helsesjukepleiarar, at fleire kommunar ikkje prioriterer midlar til tenesta, og at det finst for mange prosjektstillingar og for få faste stillingar.

Vart omdisponert til smittevern

Swang fortel at i tillegg til helsestasjons- og skulehelsetenesta har helsesjukepleiaren spisskompetanse på smittevern i kommunane.

NRK har tidlegare skrive om helsesjukepleiarar som vart omdisponerte til smittevern og testarbeid. Dette førte til mykje frustrasjon blant helsejsukepleiarar i fleire kommunar då det gjekk hardt ut over oppfølginga av barn og unge.

Skal romme alle

Edith Dale Burdahl og Kristine Ørstavik. Helsesjukepleiarar i Sunnfjord kommune

PÅ HELSESTASJONEN: Burdahl og Ørstavik deler på stillinga som assisterande einingsleiar i helsestasjons- og skulehelsetenesta i Sunnfjord kommune. Dei opplever ofte å hamne i ein skvis i prioritering av arbeidsoppgåver.

Foto: Ingeborg Kløve-Graue / NRK

På helsestasjonen i Sunnfjord kommune svarar helsesjukepleiarane eit rungande ja til spørsmålet om dei opplever ei auka arbeidsbelastning.

– Me er eit lågterskeltilbod, og det gjer det ekstra vanskeleg å måtte seie at ein ikkje har tid eller at nokon må vente, seier helsesjukepleiar Edith Burdahl.

– Det kan vere belastande for den enkelte helsesjukepleiar, seier helsesjukepleiar Kristine Ørstavik.

Dei siste åra har dei fått fleire komplekse oppgåver med å tematisere psykisk helse, vald og seksuelle overgrep. Dei fortel at med meir fokus så oppdagar dei også fleire tilfelle, som gjer det ekstra viktig med nok tid, ressursar og god kompetanse for å møte problema på riktig måte.

– Me kan ikkje berre kartlegge kva som skjer – me må og følge det opp, seier Burdahl.

Dei legg begge til:

– Me må ta barn på alvor når dei fortel.

Blir ikkje utdanna mange nok

Ellen Margrethe Carlsen er direktør for avdeling barne- og ungdomshelse i Helsedirektoratet. Ho viser til at Sintef-rapporten tek utgangspunkt i innrapporterte årsverk i Helsedirektoratets kartlegging frå 2016 og berekna behov i 2019.

– Det har derimot sidan 2016 vore ein auke med 400 nye årsverk, eller 16 prosent, og underdimensjoneringa er derfor ikkje så stor som rapporten beskriv, opplyser Carlsen.

Ho legg til at KOSTRA-tala viser at auken i årsverk har styrkt dekninga målt i årsverk pr. 10 000 innbyggjarar i aldersgruppene 0–5 og 0–20 år over fleire år

Likevel: Rapportering frå statsforvaltarar, tilbakemeldingar frå tenesta og statistikk frå SSB tyder på at det ikkje blir utdanna nok helsesjukepleiarar til å dekke ledige stillingar i alle kommunane i landet.

– Helsedirektoratet følger situasjonen, seier Carlsen.