Hopp til innhold

Manglar 1000 bøssebærarar til TV-aksjonen

Ikkje alt går på skinner i Bergen før årets TV-aksjon. Dei manglar frivillige, og har fått mindre pengar frå næringslivet enn i fjor.

Bøsser TV-aksjonen 2014

1000 bøsser manglar berarar på søndag. Byaksjonsleiaren er satsar på at folk melder seg i siste liten før aksjonen går i gang på søndag.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

Søndag skal bøssebærarane gå frå dør til dør for å samle inn myntar og setlar til TV-aksjonen. I Bergen trengst det 3000 av frivillige for at alle skal få besøk på døra.

Det manglar framleis mange frivillige før dette målet er nådd.

Dersom vi manglar folk på søndag slår vi saman dei rutene som er korte.

Gabriella Fosby Osborne, byaksjonsleiar

Skal få dekka behovet

Få dagar før aksjonen manglar dei 1000 bøssebærarar for å få dekka heile byen.

Gabriella Fosby Osborne er byaksjonsleiar for Bergen. Ho slår fast at ingen skal stå med pengane klare utan å få besøk av ein bøssebærar frå TV-aksjonen på søndag, om dei får nok folk eller ikkje.

– Dersom vi manglar folk på søndag slår vi saman dei rutene som er korte. Og så har vi nokre reservefolk vi kan sende ut der det manglar, fortel aksjonsleiaren.

Sølv har ho trua på at dei klarar å dekke behovet.

– Det er ofte dei siste dagane folk melder seg. Vi har også områdeansvarlege som ringer rundt for å skaffe folk der det skortar.

– Vi er litt skuffa over næringslivet i Bergen

Det er ikkje berre på frivillig det skortar. Politikarar og personar frå næringslivet har ringt telefonane varme denne veka for å samle inn pengar frå bedrifter Hordaland.

Bidraget frå næringslivet i Bergen vart ikkje heilt som dei hadde håpa, seier Fosby Osborne.

Gabriella Fosby Osborne

Gabriella Fosby Osborne er byaksjonsleiar for TV-aksjonen i Bergen i år.

Foto: Johnny Syversen

I fjor gav næringslivet i Bergen 2,7 millionar til TV-aksjonen. Så langt i år har aksjonen 590.000 på kontoen frå næringslivet i byen.

Osborne trur dei er fleire grunnar til at næringslivet i byen har vore mindre gåvmilde i år.

– Inntrykket vårt var at fleire bedrifter har gitt mykje til flyktningkrisa. Andre kunne ikkje gi så mykje på grunn av nedbemanning og harde tider, fortel aksjonsleiaren.

Om næringslivet i Bergen skuffa litt, så gjorde dei 21 kommunane som var med for første gong det motsette. Dei samla inn 900.000 av den samla summen på 1,4 millionar som har komme inn.

– Regnskogen er langt vekke

Osborne trur kanskje årets tema, regnskogen, kan gjere at bedrifter gir mindre.

– Mange tenker kanskje at regnskogen er langt borte og mindre akutt. Men det at andre kriser er større, betyr ikkje at denne krisa er mindre viktig. Krisene konkurrerer ikkje med kvarandre, poengterer Osborne.

Telefonane til TV-aksjonen i Bergen får ikkje kvile enda. Politikarar og andre frivillige som er med på dugnaden skal halde fram med å ringe bedriftene for å få opna lommebøkene.

– Vi har hatt bykamp med Trondheim i denne ringedugnaden. I går låg vi best an, men no har dei gått forbi oss. Det er jo litt pinleg om Bergen kjem dårleg ut mot andre byar, utfordrar ho.