-Situasjonen er ikkje tilfredstillande når 20 prosent av bemanninga på ein vanleg dag er ufaglærte vikarar, seier tillitsvald Margrethe Rible Ådland.
Samanlikna med andre stader, er fengselet likevel betre stilt, fordi dei nyleg fekk inn 24 nyutdanna betjentar frå fengselsskulen.
-Veldig alvorleg
Knut Are Svenkerud i Kriminalomsorgens Yrkesforbund, slår fast at i heile landet er talet på ufaglærte oppe i 25 prosent
-Det er veldig alvorleg, for kriminalomsorga har eit oppdrag, og det oppdraget er avhengig av at det er faglærte som arbeider i fengselet, seier Svenkerud.
Fangane blir frustrerte
Fleire av dei innsette seier dei blir frustrerte, fordi dei meiner dei ufaglærte er veldig usikre på jobben dei skal utføra.
I Bergen fryktar difor tillitsvald Margrete Rible Ådland at mangelen på fagfolk aukar sjansen for at innsette endar bak murane på ny.
-Fordi dei har ikkje fått den endringa dei skulle då dei var innsett. Det blir berre eit opphald, og det er ein ikkje tent med, seier Ådland.
Vil bli kvitt køen
For å kvitta seg med soningskøen, har regjeringa oppretta fleire nye soningsplassar den siste tida.
Det gjer behovet for folk større, innrømmer Kristin Bølgen Bronebakk i Kriminalomsorgen.
-Vi ønskjer ei utdanning som held tritt med behovet, og stort sett greier ein det, hevdar Bronebakk.