Hopp til innhold

Spesialistmangel: Mange må gå lengre med dårleg høyrsel

Pasientar med nedsett høyrsel må i snitt venta seks månadar på time hos spesialist. Og ventetida aukar.

Audiograf forklarer resultat av hørselstest.

LANG VENTETID: På Førde sentralsjukehus må pasientar med høyrselstap i snitt venta 40 veker på time.

Foto: Annvor Seim Vestrheim / NRK

Heidi Ølnes har venta eit halvt år på time for å få justert høyreapparatet sitt.

– Det er leit. Når du ikkje høyrer skikkeleg i mellomtida, vert det vanskeleg å ta del i kvardagen. I rom med masse folk så heng du rett og slett ikkje med.

Ved sjukehuset i Førde har ho endeleg fått time.

Endre Langset, audiograf ved ØNH-avdelinga i Førde, gjer seg klar til å justera høyreapparatet hennar.

Om lag éin million nordmenn lever med nedsett høyrsel, ifølgje Helse- og omsorgsdepartementet.

Behovet for tilrettelegging vert stadig større og ventetidene vert lengre.

– Dette er ei varsla krise. Det er allereie ei eldrebølgje i Noreg. Regjeringa må ta grep, meiner Langset.

Høyrselstest.

ENDELEG HØYRSELSTEST: Det er Heidi sin tur til å ta høyrselstest.

Foto: Annvor Seim Vestrheim / NRK

Auke i ventetid

Ved inngangen av 2023 var ventetida på tilpassing av høyreapparat om lag 6 månader i snitt på landsbasis.

I januar/februar i år var ho nesten fem veker lengre enn same tid i fjor, melder fagbladet Din Hørsel.

Ved Førde sentralsjukehus i Vestland tek det om lag 9 månadar før ein får time, ifølgje tal frå Helsenorge. I Vestfold og Telemark er ventetida oppe i eitt år.

No kan pasientar med høyrselstap risikera å venta endå lenger på time til utreiing, til oppfølging eller for å få skifta ut eit gamalt høyreapparat.

Førde sentralsjukehus i april.

40 VEKER: Førde sentralsjukehus har lenger ventetider enn gjennomsnittet i landet.

Foto: Annvor Seim Vestrheim / NRK

– Barn og pasientar med akutt høyrselstap vert prioriterte, men det er leit at mange andre må venta så lenge, seier Karianne Strønen, avdelingssjef for ØNH og kjeveavdelinga i Førde.

Folk over heile landet er frustrerte over å måtte gå så lenge utan hjelp.

– Alle som har problem med høyrselen opplever det same. Det er frykteleg lenge, seier Norunn Ulvedal, leiar for dei høyrselshemma sin organisasjon i Sunnfjord.

Dårleg høyrsel gjev sosiale utfordringar

Jostein Bildøy har høyrt dårleg sidan ungdomstida. Han har sjølv merka at ventetidene har tredobla seg i løpet av dei åra han har hatt bruk for høyreapparat.

Det skaper utfordringar i det daglege, både på jobb og privat. Han er redd for ikkje å få med seg alt som blir sagt.

– Det skapar ein viss utryggleik, seier han. På jobb må eg tenkja på korleis eg kan planleggja dei neste tre månadane med arrangement, for eksempel.

Jostein Bildøy

MÅ HØYRE: I jobben som leiar og som kurs- og føredragshaldar er det heilt nødvendig for Jostein Bildøy å få med seg det som vert sagt.

Foto: Annvor Seim Vestrheim / NRK

Det er Helse- og omsorgsdepartementet som har det overordna ansvaret for alle sjukehusa i Noreg.

Ifølgje statssekretær Ellen Rønning-Arnesen har dei mål om å få ned ventetida.

Ventetida må ned og sjukehusa har fleire verkemiddel dei kan bruke. Pasientane kan til dømes be sjukehuset om hjelp til å finna annan behandlingsstad, seier Rønning-Arnesen.

Hørselshemmedes Landsforbund er vel kjende med ventetida og etterlyser no ein nasjonal høyrselsplan. Dei håpar det kan forplikta Helse- og omsorgsdepartementet til å følgja opp menneske med høyrselsutfordringar på ein langsiktig og god måte.

Det handlar om fire ting: Fleire hender, friske midlar, auka kvalitet og betre samhandling, seier generalsekretær Inger Helene Venås.

Mangel på audiografar

Audiografar jobbar med høyrselstesting, rettleiing og tilpassing av høyreapparat i spesialisthelsetenesta. Men det er få som tek denne utdanninga.

Bachelorprogrammet i audiologi ved NTNU i Trondheim har 40 plassar, og er den einaste av sitt slag i Noreg.

I 2022 var det 17 som fullførte audiografstudiet.

Endre Langset

KRISE: - Uheldig at ventetida det går utover pasientane, meiner audiograf Endre Langset.

Foto: Annvor Seim Vestrheim / NRK

På ØHN-avdelinga i Førde merkar dei at det er vanskeleg å få tak i fagfolk.

– Me har ei stilling liggjande ute, men det er ingen søkjarar, fortel avdelingssjef Karianne Strønen.

Dermed må audiograf Endre Langset venta ei god stund på å få seg ein ny kollega.

– Og Noreg skrik etter audiografar. Dette er ei varsla krise, det er ikkje noko nytt. Og at folk vert overraska no over audiografmangel, det sjokkerer meg.

Langset meiner at det berre er ei løysing.

– Ei refusjonsordning for audiografar hadde minska ventetidene og gjort det meir lukrativt å utdanna seg til audiograf. I tillegg hadde me kunna jobba i distrikta og vore meir tilgjengelege.