Hopp til innhold

Mange vel ingeniørfag, men styrer unna olja

På Høgskulen i Bergen vel færre studentar dei oljerelaterte ingeniørutdanningane enn tidlegare. No er det i staden dei klassiske ingeniørutdanningane som utmerker seg.

OLJE OSEBERGFELTET

NEDGANG: Færre vel dei oljerelaterte ingeniørutdanningane, undervassteknologi og marinteknikk ved Høgskulen i Bergen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

I går kveld la samordna opptak ut opptakstala for hausten 2015.

Hos Høgskulen i Bergen (HiB) har karakterkravet stige for eit fleirtal av utdanningane, også for ingeniørfaga, sjølv om HiB forventa ein nedgang i søkinga til dei typiske oljerelaterte faga.

– Dei mest oljerelaterte ingeniørutdanningane, undervassteknologi og marinteknikk har hatt ein nedgang i år, seier rektor Ole-Gunnar Søgnen.

For ingeniørfaga samla sett er det om lag like mange søkjarar som i fjor, men dei fordeler seg på ein annan måte enn i 2014. No er det dei klassiske ingeniørfaga som bygg, maskinteknikk og elkraftteknikk som utmerker seg som dei mest populære.

Også ved Universitetet i Stavanger vel folk framleis ingeniørfag – enkelte oljerelaterte fag er vanskelegare å kome inn på enn i fjor.

– Eg trur at søkarane ser at ei stor næring som olje og gass går litt ned no, så søkjer dei tryggare utdanningar, og dei klassiske ingeniørfaga er trygge og som samfunnet treng til ein kvar tid, legg Søgnen til.

Høgskolen i Bergen

REKORDAUKE: Høgskulen i Bergen opplever i år rekordauke med ti prosent fleire søkarar enn tidlegare.

Foto: Høgskolen i Bergen

Fleire vil bli lærarar

– Det gler meg å sjå at det er ei auka interesse for basisfag som matematikk og norsk i grunnskulelærarutdanninga, seier Søgnen.

Lærarutdanninga har ein auke i poenggrensa. Grunnskulelærarutdanning for 5. til 10. klasse med matematikk er den lærarutdanninga som har høgast karakterkrav i år. Grunnskuleutdanning for 5. til 10. trinn med samfunnsfag har ei nesten tre gongar så lang venteliste som i fjor.

Helse- og sosialfaga har 4000 søkjarar på venteliste, og sjukepleiarutdanninga har den lengste. Her står nær 1400 på venteliste.

Fleire enn i fjor står også på venteliste for å utdanna seg til sosionom. Utdanningane i fysioterapi og økonomi og får lange køar i år. Begge desse utdanningane nærmar seg tusen søkjarar på venteliste.

NHH

MEST POPULÆRT: Siviløkonomstudiet på NHH er det mest populære studiet i heile Noreg.

Flest søkte seg til NHH

Siviløkonomstudiet ved NHH er framleis blant dei vanskelegaste studiane å kome inn på i Norge, viser opptakstala.

NHH har det mest søkte studieprogrammet i Norge, med 2117 søkarar. Berre 450 av desse får plass på studiet.

Poenggrensa for førstegongsvitnemål er den høgste nokon gong, med 53,4, medan det for andre søkarar er ei grense på 56,3.

Universitetet i Bergen

FULLT: Universitetet tilbyr fleire studentar enn nokon gang plass.

Foto: Thor Brødreskift / Thor Brødreskift

Fullt på Universitetet

Aldri før har så mange fått tilbod om studieplass på Universitetet i Bergen. 7688 nye studentar får plass, og alle plassane er dermed fylt opp. Dette er studiane med høgast poengkrav:

  • Medisin: 66,5
  • Odontologi: 64,1
  • Rettsvitskap: 57,4
  • Journalistikk: 55,6
  • Samfunnsøkonomi: 55,3

Maritim utdanning, sjukepleiarutdanning, grunnskulelærarutdanning og økonomi og administrasjon er populære studiar på Høgskulen Stord-Haugesund i år. Opptakstalet viser at HSH i år har langt fleire kvalifiserte søkarar enn nokon gong før.