Hopp til innhold

Mange unge som vil ha viktig vaksine må snu i døra

BERGEN (NRK): Folkehelseinstituttet seier det hastar å bli kvitt 18.000 dosar med HPV-vaksinar. Men det er ikkje nok hender til å sette sprøytene.

Vegard Stensen, leder Skeive Studenter Bergen

REAGERER: Leiar for Skeive studentar i Bergen, Vegard Stensen, fortel at han er ein av dei heldige. Han har tatt ein av tre dosar, men han reagerer på at det ikkje er fleire helsesøstera på jobb for å vaksinere.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Det er trist at folk som har lyst på vaksinen, og som kanskje treng henne like mykje som dei som allereie får, må snu i døra, seier Vegard Stensen, leiar i Skeive studentar i Bergen.

Menn som har sex med menn er den siste såkalla utsette gruppa som får tilbod om å ta HPV-vaksinen Gardasil gratis. Tidlegare har vaksinane blitt gitt til kvinner i rusmiljøet og sexarbeidarar.

Folkehelseinstituttet (FHI) har eit restlager på heile 18.000 dosar med Gardasil, som snart blir erstatta med typen Cervatrix. Norske kommunar blir bedne om å søka frå dette restlageret.

På helsestasjonen for ungdom i Bergen har dei følgt oppfordringa. Det er berre eitt problem: Mangel på helsesøstrer som set sprøyter.

Lang kø, og dårleg tid

Helsesøster Agnes Giertsen ved helsestasjonen i Bergen fortvilar. Restlageret går snart ut på dato og utanfor døra er det lang kø.

– Det hender at me må stansa køen og be folk koma tilbake. Me klarar ikkje ta unna alle som kjem, viss me ikkje får fleire hender. Det hastar å få brukt vaksinane, åtvarar Giertsen.

I dag er Giertsen den einaste som set vaksinane på helsestasjonen. Det gjer ho i løpet av fire timar éin dag i veka, når unge kan koma innom for å bli vaksinert.

Unge kvinner får den nye vaksinetypen Cervatrix, medan unge menn får den gamle typen. FHI har gitt menn fødd før 1991 frist innan november å ta den første dosen.

Etter det risikerer ein at dosane går ut på dato og fullt brukande vaksinar, som per dose kostar 1200–1400 kroner, kan gå i søpla sjølv om folk vil ha dei.

Kan føre til analkreft

Stensen i Skeive studentar har tatt den første av i alt tre vaksinar.

– Då eg tok den første dosen, var det like før eg måtte snu i døra fordi det var så mange i køen. Men sidan eg hadde sendt e-post og ringt på førehand, spurte eg om dei likevel hadde tid, seier Stensen.

Han reagerer på at det ikkje er nok helsesøstrer på jobb til å setta dosane før dei blir for gamle.

Menn som har sex med menn har ifølge studiar høgare risiko for infeksjon med HPV, som kan føra til kreft i endetarmen og halsen.

Desse manglar også «flokkvernet» mot HPV som menn som har sex med kvinner får gjennom at kvinner får vaksinen.

Agnes Giertsen med HPV-vaksiner

SPRENGD: Kapasiteten ved helsestasjon for unge i Bergen er sprengd. Helsesøster Agnes Giertsen må fortvila seia nei til unge som ynskjer vaksinen. – Me må be dei koma att. Me treng fleire hender.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Vurderer ekstratiltak

Hjå Høgre i Bergen ber dei om meir pengar til helsestasjonen.

– Når gutar snur i døra og ikkje blir vaksinerte, er dette gutar som seinare i livet kan bli sjuke av noko som kunne blitt redda av noko så enkelt som ei enkel vaksine, seier Kjersti Pettersen (H), bystyremedlem og medlem av helse- og sosialkomiteen i Bergen.

Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) i Bergen seier ho vil vurdera om dei kan omdisponera ressursar slik at helsesøstrene får brukt alle vaksinane før utløpsdatoen.

– Her må me berre køyra på og gi flest mogleg kvinner og menn vaksinar.

HPV-vaksine

TILBOD: Tidlegare har vaksinane som er til overs blitt gitt til kvinner i rusmiljøet og sexarbeidarar. Frå i haust kan også menn som har sex med menn få tilbod om vaksinen

Foto: Odd Rømteland / NRK