I dag var det duka for den 30. utgåva av Jølster Maraton, og blant hundrevis av deltakarar på dei ulike distansane var fire damer frå Høyanger.
Med det klingande namnet Cava Runners skulle dei syne, ikkje minst for seg sjølv at det var fullt mogleg å gjennomføre 21 kilometer halvmaraton i nydeleg sommarvêr.
Med for moro
– Den beste av oss kom i mål på 1,57, vi andre fekk tider mellom 2,20 og 2,30, fortel Hanne Maren Blåfjelldal til NRK.no
Saman med venninnene Randi Sviggum Håre, Brit Astrid Hop Torvund og Aina Drage storkoste ho seg både før, under og etter gjennomført løp i Jølster.
– Vi er jo med for moro, ikkje for å vere best! slår Høyanger-læraren fast.
Hafsås vann igjen
«Mr. Maraton» i Sogn og Fjordane, Helge Hafsås frå Olsen, vann tradisjonen tru den lengste distansen.
– Det var godt å komme under 2.40. Det er ei stund sidan eg har gjort, seier Hafsås til Firda.
342 deltakarar stilte opp i dei ulike konkurranseklassane, medan fleire hundre andre stilte opp i det som vert kalla miniton og sykling.
HAFSÅS VAR BEST: Helge Hafsås frå Olden sikra sigeren i den fulle maraton-distansen.
Foto: Oddleif Løset / NRKTEATERLØPAREN: Sjef for Sogn og Fjordane teater, Terje Lyngstad, har blitt ein svært habil maratonløpar.
Foto: Oddleif Løset / NRK