Hopp til innhold

Mange småskadar etter ekstremvêret

– Det kan gå fleire veker før forsikringsbransjen får full oversikt over skadane etter ekstremvêret Tor, seier kommunikasjonssjef Tonje Westby i Finans Norge.

Campingvogn
Foto: Vegard Gjerde

Så langt har forsikringsselskapa fått inn rundt 1500 meldingar om bygningsskadar etter ekstremvêret Tor.

– Det er for tidleg å seie noko om kva det totale skadeomfanget blir etter uvêret, men vi ventar at talet kjem til å stige i dagane som kjem. seier Westby.

Hardast råka

Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland er dei tre fylket som vart hardast råka av ekstremvêret, sjølv om det også kjem i meldingar om skadar frå fleire fylke. Så langt har ikkje forsikringsbransjen tal som er brotne ned på fylkesnivå., og det kjem stadig inn nye meldingar.

Tonje Westby

FÆRRE SKADAR: Tonje Westby er kommunikasjonssjef i Finans Norge.

Foto: CF Wesenberg

– Det er mange små skadar som til no er blitt meldt inn. Det kan vere eit tre som har falle ned på eit hus, eller at deler av ein kledning har blese av. Og så er det nokre store skadar, som til dømes heile tak som har blese av garde.

Færre enn i 2011

Samanlikna med Dagmar i 2011 er det meld inn langt færre skadar no, enn det var på same tid etter Dagmar.

Romjulsorkanen Dagmar gjorde skade for 1,3 milliardar kroner.

– Samanliknar vi med Dagmar, som var den store hendinga i 2011, så ser dette mindre alvorleg ut. Etter Dagmar fekk vi meldingar om 20 000 hendingar, då snakkar vi om ein heilt anna størelsesorden enn det vi kjem til å sjå no, det er eg rimeleg sikker på, seier Westby.

Minner om Berit

Pål Rune Eklo

VIL AUKE: Gjensidige har førebels fått melding om 420 skader etter Tor. – Vi ventar at det vil komme inn ein god del skademeldingar i morgon og utover veka når folk får sett etter eigedomane sine, seier informasjonssjef Pål Rune Eklo.

Foto: Gjensidige

Det inntrykket har også Pål Rune Eklo, informasjonssjef i Gjensidige. Selskapet har så langt fått melding om 420 skader.

Eklo meiner skadeomfanget minner om stormen Berit som i 2011 gjorde skade for 450 millionar kroner.

– Stort sett er det vindskader på bygningar, men også ein god del campingvogner som har blåst over ende, bilar som har blitt truffe av lause gjenstandar og båtar som har slite eller gått ned. Dei aller fleste skadane er relativt små, seier han.