Hopp til innhold

Anette fekk hjelp etter å ha vunne over kreften: – Eg slapp å kjempe aleine

Nesten ein halv million nordmenn har overlevd kreft, men fleire slit med seinverknader. Forskarar har funne ein modell dei meiner hjelper overlevande.

Anette Steffensen Bekken overlevde kreft

SLEIT: Anette Steffensen Bekken overlevde kampen mot tjukktarmskreften, men så byrja ein ny kamp.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Bekken var 33 år då ho fekk diagnosen. Dei neste åra var ein lang og hard kamp for å vinne over tjukktarmskreften.

– Då eg vart kreftfri tenkte eg at no skulle eg raskt tilbake til normalen. Men slik vart det ikkje. Det var ein ny kamp som byrja, seier Bekken.

Bekken opplevde at den fysiske forma var dårleg, at ho ikkje hadde balanse og at ho sleit med minnet.

June Jacobsen vann over lymfekreft, og har liknande opplevingar.

– Cellegift er hardt å komme seg gjennom. Det tok lang tid å bygge opp att kroppen. Eg hadde veldig lite krefter, seier Jacobsen.

«Askøy-modellen»

Heimkommunen deira har i tre år vore med i eit prøveprosjekt. Til saman 61 tidlegare kreftpasientar har fått oppfølging på Myranetunet på Kleppestø.

Anne-Marte Hess Sweetmore i Frisklivssentralen Askøy

LEIAR PROSJEKTET: Anne-Marte Sweetmore har sett at prosjektet hjelper.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det har vore ein så stor suksess at dette no vert ein fast del av helsetenesta i Askøy kommune.

– Vi har tilbydd fysisk trening og kursing i tema vi veit er viktig for kreftoverlevarar. Det kan vere innan sex og samliv, eller det mentale. Og så ser vi at det er viktig med eit fellesskap mellom menneske som har like erfaringar, seier Anne-Marte Sweetmore ved Askøy Frisklivssentral.

Ho var leiar for prosjektet i kommunen.

– Dette er eit opplegg som det går å få til i dei fleste kommunar. Vi opplever gode resultat. Det hadde vore supert om fleire kunne ta det i bruk.

Halv million har overlevd kreft

May Aasebø Hauken, professor ved senter for krisepsykologi ved UiB, står bak metoden som har fått namnet «Askøy-modellen».

May Aasebø Hauken, professor ved Senter for krisepsykolgi, UiB.

GODE RESULTATA: May Aasebø Hauken. Professoren ved Senter for Krisepsykologi, UIB, meiner fleire bør ta i bruk metoden.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Også ho håper fleire tek i bruk modellen.

– Resultata er gode. Vi meiner dette er noko som fleire kan ta i bruk. Det er ikkje dyrt og krev ikkje spesialkompetanse, seier ho.

I dag er det nesten ein halv million nordmenn som har overlevd kreft. Mange av dei slit med seinverknadene. Men det er særs varierande kva helsetilbod dei har.

– Det er store skilnader frå kommune til kommune. I realiteten er det ofte opp til kvar enkelt pasient å finne ut av korleis dei kan få hjelp.

Hauken meiner dette er i ferd med å bli eit folkehelseproblem. Ho trur samfunnet kan spare store summar på betre rehabilitering.

Tilbake i jobb

I dag er både Jacobsen og Bekken tilbake i jobb. Men det har vore ein tøff veg.

– Forma var dårleg. I byrjinga sleit eg til dømes med å gå låge steg, seier Bekken. Ho viser korleis ho trente seg tilbake på Frisklivssentralen.

Ho fekk fullført sjukepleiarutdanninga, og i dag lever ho slik ho hadde sett for seg då ho vart kreftfri.

– Kva betydde det tilbodet du fekk her for vegen tilbake?

– Det gjorde den langt lettare. Å ha ein plass å trene og å få relevant informasjon. Men først og fremst trur eg at det viktigaste var at eg slapp å kjempe denne kampen åleine, seier Bekken.