I nye Kinn kommune kan det bety valskred for enkeltpolitikarar.
– Det var ei veldig gledeleg meiningsmåling, spesielt i Vågsøy for vår del. Eg er audmjuk, glad og stolt, seier partiet Raudt sin listetopp i Kinn, Geir Oldeide, frå Måløy.
Medan Raudt knapt får ei røyst i Flora, får dei oppsiktsvekkande 21,5 prosent i Vågsøy, viser Firdaposten si meiningsmåling. Årsaka til det? Jau, det meiner Oldeide er motstanden i Vågsøy mot å slå seg saman med Flora. Ein kamp Oldeide har vore ein av frontfigurane i.
– Eg trur det har mykje med denne saka å gjere. Det er i alle fall det vi får høyre frå veljarane våre og folk elles.
Avisredaktøren: – Store avstandar
Arbeidarpartiet har ordførarkandidat frå Florø og får nær 40 prosent i Flora, men berre 11 prosent i Vågsøy. Nær tilknyting til heimstaden er viktig i valet, og ein tendens lokalavisredaktør Erling Waage i Fjordenes Tidende ser att i både Kinn og Stad kommunar.
– Det er mykje nytt i den nye kommunen. Det er store avstandar og eg trur folk vil røyste på personar dei kjenner og mindre på partiprogram.
Ap-politikaren: – Ønskjer å ta vare på seg og sitt
I Ullensvang i Hardanger har ordføraren oppmoda folk om å røyste geografisk. I ei meiningsmåling for Firda seier heile åtte av ti i Sunnfjord nye kommune at nær tilknyting til heimstaden er viktig i valet. Problematisk, men likevel forståeleg, seier andrekandidat for Kinn Ap, Tove Lill Refvik Volle.
– På ein måte forstår eg det. Vi skal inn i noko nytt og alle ønskjer jo å ta vare på seg og sitt. Det er synd at folk ikkje set seg inn i programma og røyster på det partiet som har den politikken som betyr mest for dei.
Oldeide i Raudt kan love at politikarhjartet vil banke ekstra hardt for heimstaden i nye Kinn.
– Ja, det har eg jo sagt. Vågsøy er veslebroren i dette her. Alle svake partar treng nokon som står spesielt opp for dei. Men ei stemme er ei stemme. Vi er ein kommune no og vi skal jo jobbe for alle.
Forretningsmannen: – Lokale kandidatar betyr alt
For næringslivsmannen Per-Gunnar Frantzen i Måløy er det viktig at det er lokale kandidatar på lista han puttar i valurna.
– Det betyr alt.
Han trur det er lettare å utvikle Vågsøy for politikarar med adresse i kommunen, då desse kjenner behova og utfordringane best.
– Politikarar frå dagens Vågsøy kommune har størst påverknad når det gjeld avgjerder i vår kommune, seier Frantzen.
Høgre-politikaren: – Må sjå heile kommunen
Ordførarkandidat for Høgre i Kinn, Morten Hagen, også han frå Vågsøy, er ikkje overraska over at Raudt har stor oppslutnad i den nordelege delen av den nye kommunen. Men han oppmodar politikarane til å sjå det store biletet når det nye kommunestyret skal samlast.
– Vi må sjå heile kommunen og ikkje berre røyste geografisk. Målet er jo å utvikle både Flora og Vågsøy, og då må vi jobbe saman. Då må vi og ha politikarar med visjonar og som ønskjer å få til noko, og ikkje berre politikarar som ønskjer at ting skal vere som det er i dag.