Hopp til innhold

Meldingar om festbråk over heile landet: – Talet aukar kvar helg

Politiet har hatt ei travel natt fleire stader i landet. På ein fest i Bergen sentrum var kring 50 personar samla.

Politi illustrasjon

RYKTE UT TIL 30 FESTAR: Vest politidistrikt fekk 51 meldingar om festbråk i natt, og rykte ut i 30 av tilfella.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Berre i Vest politidistrikt kom det 51 meldingar om festbråk mellom kl. 23 og 05 i natt. Politiet rykte ut i 30 av tilfella.

– I all hovudsak kjem det i området frå Bergen sentrum, så er det nokre ute i distrikta òg, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.

På nokre av festane var det samla fleire enn det retningslinjene tilrår.

– Det verste eksempelet var eit døme frå Bergen sentrum der det var 50 personar samla i ei leilegheit, utover det har gjerne 5–10 personar vore samla, fortel han.

Politiet avslutta festen der kring 50 personar var samla. To personar er meldt for ordensforstyrring. Smittevernet var ikkje halde. Ein del andre festar vart også avslutta.

– I dei fleste har vi gitt munnlege pålegg om å avslutte, som dei fleste har følgt.

Operasjonsleiaren i Vest politidistrikt seier det har vore ein auke i talet meldingar om festbråk kvar helg.

– Dette er det høgste talet vi har vore opp i etter nyttår, seier Dahl-Michelsen.

34 festar i Trøndelag

– Det har vore ganske hektisk i natt med festbråk og forstyrringar av natteroa. Mest i Trondheim sentrum, men også i resten av fylket, frå Meldal til Namsos, fortel operasjonsleiar Ove Tokstad i Trøndelag.

Dei har fått melding om festbråk på 34 ulike adresser rundt om i fylket natt til i dag. Politiet har rykt ut til mange av stadene.

Politiet har avslutta festane og prøvd å sørge for at det skulle bli stilt, fortel Tokstad.

– Nokre stader er det stilt når vi kjem, andre tar vi kontakt med per telefon og ber dei dempe musikken, roe seg, og gå å legge seg, seier han.

Også i Nordland måtte politiet i natt avslutte fleire festar, nokre av dei med fleire titals personar til stades.

– Eg skjønnar godt at folk er lei, drittlei. Det er vi alle. Men no må vil halde ut, og satse på at det blir betre,seier operasjonsleiar Marius Skålvoll i politiet i Nordland til NRK.

37 meldingar i Oslo

Gjennom natta har politiet i Oslo fått inn 37 meldingar om feststøy. Ifølgje operasjonsleiar Guro Sandnes har det ikkje vore meir bråk enn det vanlegvis bruker å vere i helgene.

– Det har vore ganske mange oppdrag på feststøy, men ikkje meir enn vanleg og det er sjeldan det er brot på smittevernlova, seier Sandnes.

Men det var to festar i Oslo som blei stoppa i natt grunna for mange deltakarar. Begge festane hadde 11 deltakarar. Det er oppretta politimelding i begge tilfella.

I Agder er det meldt om tre ulike festar i natt. Politiet drog også til ein fjerde fest i Agder, der deltakarane blei pålagt å dempe seg.

I Kristiansand blir 18 personar melde for brot på smittevernreglane etter ein fest laurdag kveld. Til saman er 42 personar i Agder blitt melde for å brote smittevernreglar.

Laster Twitter-innhold

I Sør-Øst politidistrikt har det kome 12 meldingar om feststøy.

Totalt i heile Innlandet er det berre seks meldingar om feststøy. Ei melding kom frå Lillehammer, to frå Hamar, og ei frå kvar av stadane Vinstra, Elverum og Kongsvinger.

I Møre og Romsdal har det kome inn eit par meldingar om festbråk i natt.

Laster Twitter-innhold