Hopp til innhold

Mange lik på norske gravplassar rotnar ikkje

Etter fleire tiår under jorda er døde meir eller mindre intakte. I nokre tilfelle kan ein kjenna att ansikta.

Inghild Hareide Hansen. gravplassjef i Bergen kyrkjelege fellesråd.

GRAVPLASS: Inghild Hareide Hansen går mellom gravene på Loddefjord gravplass. Dette er ein av plassane der jorda ikkje er god nok.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Frå jord er du komen. Til jord skal du bli. Men det kan ta lang tid.

I utgangspunktet skal ein gravlagd kropp bli gjort om til jord på 20 år. Ei kistegrav har vanlegvis fredningstid i 20 år. Det er minstekravet i norsk lov.

Grunna dårleg jord på fleire gravplassar kan det ta det ti gongar så lang tid.

– Det er eit problem generelt i Noreg, seier Inghild Halvorsen Økland ved NIBIO.

Det viser ei fersk undersøking av 73 gamle graver i Bergen, Bærum, Oslo, Sandnes, Stavanger og Trondheim.

– Kan risikera å finna heile kroppar

Halvorsen Økland seier at dei kan finna relativt intakte kroppar når dei opnar graver for å bruka dei om att.

– Når ein grev opp gravene etter 20, 40 eller 60 år, så kan ein risikera å finna heile kroppar. Og som ikkje kjem til å bli brotne ned på 50 år til, seier Halvorsen Økland.

Inghild Halvorsen Økland, forskar ved NIBIO

– Når leirjord hindrar nedbryting, kan gravlagde kroppar bestå nokså intakte i over 200 år, seier forskar Inghild Halvorsen Økland ved NIBIO.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Når ein blir gravlagd i leire eller veldig komprimert jord, i staden for luftig sandjord, slepper det ikkje oksygen ned i grava.

Feittvevet i kroppen blir då omdanna til såkalla likvoks, som ikkje rotnar.

Det kan gå 100 til 200 år eller meir før restane er borte, ifølge forskaren.

I nokre tilfelle er den avdøde fullt attkjennande fleire tiår etter gravferda, då både hud, hår, tekstilar og ansiktstrekk består.

Av og til er lik så godt bevarte at ein kan kjenna att trekk i ansiktet deira.

Les også Lovendring opnar for å koke døde kroppar i lut

Halvparten av gravplassane i Bergen for dårlege

I undersøkinga valde ein ut graver der ein antok at nedbrytinga var høvesvis god, middels eller dårleg.

Halvparten av dei undersøkte gravene i Bergen viste seg å vera i dårleg stand, seier Inghild Hareide Hansen. Ho er gravplassjef i Bergen kyrkjelege fellesråd.

I Bergen er fredningstida for kistegraver 25 år.

– Då me gjekk heilt ned i gravene for å sjå korleis det såg ut, det var ei skilsettande oppleving for oss alle, seier Hareide Hansen.

Inghild Hareide Hansen

Inghild Hareide Hansen er gravplassjef i Bergen kyrkjelege fellesråd.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Gravplassjefen meiner ein må unngå å gjenta dei same feila frå tidlegare tider.

– I verste fall kan ein få gravplassar ein berre kan bruka éin gong, og kanskje er ein nøydd å bruka meir areal enn ein i utgangspunktet treng.

Ho håpar dei får meir pengar til å byta jorda på gravplassane.

– Det er ei så viktig sak at dei døde blir behandla så skikkeleg som mogleg, og at det blir løyvd pengar både i Bergen og elles i landet sånn at gravplassane får den standarden dei skal ha, seier Hareide Hansen.

Lova krev at kvar kommune skal ha ledige gravplassar tilsvarande tre prosent av innbyggjartalet.

– Vår undersøking understrekar at gravplassane bør ha sandjord, god drenering, og tre og buskar med djupe røter. Ikkje leire, og ikkje komprimert jord, seier Halvorsen Økland.

Les også Av jord er du kommet

Morten Jøntvedt mot grav