Så langt i år har Forbrukarrådet motteke nesten tusen klagar.
Kundane klagar først og fremst på dårleg kundeservice, skriv Aftenposten.
Dårleg kundeservice
Per Johnsen i Forbrukerrådet seier kundeservicen til NextGenTel ikke er god nok.
- Det går jo rett og slett på at ein ikkje kjem fram. Kunden har eit problem og ønskjer å koma i kontakt med selskapet, men får rett og slett ikkje tak i folk, fortel han.
Tykkjer ikkje det er så ille
NextGenTel, derimot, tykkjer ikkje at 900 klagar til Forbrukarombodet så langt i år er mykje.
Berre i oktober fekk selskapet nesten 160 klagar på dårleg kundeservice.
Lover betring
Marknadsdirektør Morten Ågnes i NextGenTel lover likevel at selskapet skal betra seg.
- Det er viktig for oss at me får behalda så mange nøgde kundar som mogleg sjølvsagt, seier han.