Hopp til innhold

Mange familiar slit med skyhøge rekningar – og verre skal det bli

Familien Dalseid søv med to dyner, tek kortare dusjar og sparar der dei kan.

Familien Dalseid sparar der dei kan. Rose Kristin, Ingri, Sofie og aron.

GOD STEMNING: Rose Kristin Dalseid og borna Ingri (snart 14), Sofie (16) og Aron (8) prøver å spare straum der dei kan. Dei er blant dei mange familiane i Noreg som merkar at prisane stig på alle kantar.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Vi merkar dei høge prisane veldig godt. Vi har berre éi inntekt, så då utgjer dette mykje.

Det seier trebarnsmora Rose Kristin Dalseid frå Dale i Vaksdal.

Postkassene i norske hushaldningar renn no over av høge rekningar:

Årets lønsoppgjer nærmar seg, men folk blir åtvara mot å tru at vi går ein lønsfest i møte.

Krigen i Ukraina er venta å forverre situasjonen.

Kuttar ned på bilkøyringa

Familien i Vaksdal i Vestland sparer der dei kan.

Dyrare mat gjer til at trebarnsmora prøver å handle billigare merker i matvarebutikkane.

– Det merkast godt på lommeboka at maten blir dyrare, seier Rose Kristin, som har delt omsorg for borna.

Straumprisane gjer også eit stort innhogg i familieøkonomien. For å spare straum fyrer familien med ved og søv med to dyner. Dei set også på klesvask og oppvaskmaskina når straumen er på det billigaste.

16 år gamle Sofie seier ho har kutta ned på tida i dusjen fordi det er så dyrt.

– Det er irriterande med dei høge prisane. Eg kan ikkje bevega meg rundt i huset utan å fryse, seier ho.

Yngstemann i flokken, Aron på 8, passar på å skru av lyset i rom som står tomme.

Likevel enda den siste straumrekninga på 3500 kr. Rekningane er dobbelt så høge som dei var på same tid i fjor.

 Rose Kristin Dalseid merkar godt at det kostar mykje å leve for tida. Familien sparar så mykje straum dei berre kan.

TAKKSAM: Rose Kristin bur billig til og får hjelp av foreldra. – Hadde det ikkje vore for det, hadde eg fått det langt vanskelegare. Eg tenkjer mykje på dei som har det tøft no, seier trebarnsmora. 

Foto: Synne Sørenes / NRK

Med lite kollektivtrafikk i området, er Rose Kristin avhengig av å bruke bilen. Annankvar veke pendlar ho til jobben som ligg halvanna times køyring unna.

Ifølge SSB var drivstoffprisane 21 prosent høgre i februar i år enn det var i same månad i fjor. For Dalseid utgjer dette om lag 1000 kr meir i månaden.

–Det utgjer mykje for ei hushaldning med éi inntekt, seier Rose Kristin.

Dersom prisgaloppen held fram, vil det føre til at familien må kutte ned på fritidsaktivitetar, turar og andre ting som dei kan unne seg i dag.

Trur mange vil slite med rekninga

Tal frå SSB syner at konsumprisindeksen (KPI) auka med 3,5 prosent i 2021 samanlikna med 2020. KPI syner prisutviklinga for varer og tenester som ei typisk norsk hushalding kjøper i løpet av eit år. Men verre skal det bli. Ifølge prognosar vil KPI auke med 3,3 prosent i 2022.

Ifølge Huseiernes Landsforbund landsforbund stig dei kommunale avgiftene kraftig mange stader. Nokre stader er veksten på over 20 prosent.

– Prognosane våre syner at auken i gebyr kan bli så stor at mange vil slite med å betale rekningane, seier distriktsleiar Monica Bryner i Hordaland.

Under koronapandemien fekk fleire hushaldningar det tøffare økonomisk. Samstundes førte det også til større forskjellar mellom heimane. Det syner forskinga til Christian Poppe ved SIFO og Oslo Met.

Dei sit ikkje med ferske tal for dagens situasjon, men Poppe seier følgande:

– Det er 7–10 prosent av norske hushaldningar som ikkje treng ei rekning til, for å seie det sånn.

Fleire av inkassobyråa NRK har vore i kontakt med, forventar dei at fleire vil slite meir med å betale rekningane sine i tida framover.

– Tabu å slite med økonomien

Nav sit ikkje med tal over kor mange som har teke kontakt og bede om hjelp den siste tida, seier avdelingsdirektør Jan Erik Grundtjernlien. Nav-kontora i kvar enkelt kommune vurderer kvar enkelt sak, og dei gir også økonomisk hjelp, samt råd og rettleiing.

Trebarnsmora trur mange har ein høg terskel for å søkje om hjelp frå mellom anna Nav.

– Det er nok litt tabu å slite med økonomien, seier Rose Kristin Dalseid.

Mange familiar får det tøffare økonomisk i tida framover. Familien i Vaksdal sparar der dei kan. Rose Kristin Dalseid fryktar prisane kan bli endå dyrare.

VANSKELEG: Etter ei langvarig sjukemelding for nokre år sidan, måtte Rose Kristin Dalseid be om støtte frå Nav. Ho syntest det var vanskeleg å finne ut kva type hjelp som fanst, og meiner det bør bli lettare.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Les også: Regjeringa forlengjer straumstøtta med eit år.